nyhende
No slepp alle under 18 år eigendel på helsehjelp
Frå 1. august slepp 16- og 17-åringar å betale for legetime, sjukehusbesøk, psykolog, fysioterapeut, blå resept og pasientreiser på lik linje med barn under 16 år.
Fram til no har 16- og 17-åringar betalt eigendel for helsetenester og pasientreiser. Men i revidert nasjonalbudsjett (RNB) vart aldersgrensa for fritak heva frå 16 til 18 år i helsetenesta. Det var brei politisk semje om å fjerne eigendelane.
– Vi må unngå at 16- og 17-åringane lèt vere å oppsøkje fastlege og legevakt på grunn av økonomi. Det er viktig at ungdom oppsøkjer lege tidleg når symptom oppstår, slik at dei raskt kan få hjelp og starte eventuell behandling, sa helse- og omsorgsminister Jan Christian Vestre (Ap) då regjeringa kom med forslaget i fjor.
Brukar fastlegen minst
Legeforeininga er blant dei som har ønskt endringa velkommen.
Foreininga har lenge påpeika at unge i alderen 16–20 år er blant dei som bruker fastlegetenesta minst, og fastlegen er gjerne den første kontakten med helsetenesta ved behov.
– For unge utan eiga inntekt kan eigendelar vere ein reell barriere. Det kan særleg ramme ungdom med kronisk sjukdom, psykiske helseutfordringar eller familiar med stram økonomi. Dette handlar om låg terskel inn til helsetenesta, uttalte president Anne-Karin Rime då endringane vart vedtekne.
– Når fritaket no gjeld all eigendelbelagt helsehjelp i offentleg regi, blir ordninga tydelegare, meir heilskapleg og meir rettferdig.
Legeforeininga meiner elles at eigendelfritaket bør utvidast ytterlegare til unge opp til 20 år.
Store endringar på 16 år
I det norske helsevesenet har det vore ei gradvis utvikling mot at stadig eldre barn og unge blir inkluderte i gratisordningane. Før 2010 var det berre barn opp til 12 år som ikkje måtte betale eigendelar. Frå 1. januar 2010 slapp også barn mellom 12 og 16 år å betale eigendelar for helsehjelp.
Også då vart dette gjort for å senke terskelen for at ungdom skulle oppsøkje lege på eiga hand, utan å vere økonomisk avhengig av foreldra.