nyhende

I juli i fjor lynte det enormt mykje i Noreg. Det gjekk utover mykje elektronikk i norske heimar.

No startar lynsesongen: – Mange er for slappe

Sommaren er høgsesong for lynskadar. Mange droppar å gjera noko som helst for å unngå at elektronikken ryk, og nokon gjer også heilt rare ting, melder forsikringsselskap.

Publisert

I juli i fjor vart det registrert meir enn 241.000 lyn i Noreg, ifølgje tal frå Meteorologisk institutt. Det var fem gonger meir enn i juli året før.

– Dette er tida på året der det verkeleg smell. Då ryk det også mykje elektronikk som kunne vore redda med enkle grep, men mange er for slappe, seier fagsjef på bygning i Frende Forsikring, Lill Cecilie Bjørndal Klementsen, i ei pressemelding.

Ei ny undersøking Norstat har gjort for Frende viser at 41 prosent av oss lèt vera å lada mobil, PC og anna utstyr når det tordnar. 32 prosent trekkjer ut kontakten til TV, og 23 prosent trekkjer ut ruteren. 13 prosent av oss gjer ingenting

– Mange gjer noko, og det er bra. Men mange droppar også viktige grep. Om du droppar å lade mobilen, men ikkje trekkjer ut leidningen til TV-en, blir det litt halvhjarta. Vi ser mange TV-ar som ryk om sommaren, seier fagsjefen.

Ho oppmodar til å unngå lading heilt og samstundes avgrense bruk av elektrisk utstyr.

– Jo mindre som er kopla til, jo mindre kan bli skadd, seier ho.

Powered by Labrador CMS