nyhende
No startar vaksineringa
Etter fleire vekers venting er influensavaksinen komen. Frå måndag kan innbyggjarane i målgruppene møta opp på fastlegekontoret sitt for å få vaksinen.
– Me har planlagt å starta frå måndag av. Då er me sikre på at me har dei inne og er klare for vaksinering, seier kommuneoverlege Lill-Beate Møksvoll.
Ho opplyser at kommunen får leveransen han har venta på, og at det ikkje har kome nye forseinkingar.
– Det er den forseinkinga som vart varsla i utgangspunktet. Det har ikkje vore nokon ytterlegare forseinkingar, slik eg forstår det, fortel Møksvoll.
Drop-in på fastlegekontora
Vaksineringa skal gå føre seg som drop-in ved fastlegekontora. Møksvoll forklarer at dei som skal vaksinerast, skal møta opp på kontoret der dei har fastlegen sin, og ikkje på Sveio soknehus, der det dei siste vekene har vore koronavaksinering. Der er siste vaksineringsdag førstkomande torsdag.
Ved Sveio legekontor blir opningstida utvida til klokka 17 både tysdag 17. og torsdag 19. november.
– Det er for å dekkja opp for dei som jobbar, slik at dei kan koma etter jobb, seier Møksvoll.
Totalt er det bestilt i rundt 1000 vaksinar.
Ingen registrerte tilfelle
Vestavind har tidlegare skrive at årets influensavaksine var forseinka på grunn av produksjonsproblem som råka store delar av Europa.
Møksvoll varsla samstundes at den seine leveringa ville gje legekontora kort tid til å vaksinera risikogruppene før influensasesongen.
Tysdag var det ikkje registrert influensetilfelle i Sveio gjennom luftvegsprøvane kommunen hadde fanga opp. Møksvoll har likevel høyrt om tilfelle i nabokommunane.
– Det er vanleg at det byrjar i det små, og så stig det i desember. Me ventar auka smitte framover, seier ho.
Ho minner innbyggjarane om dei vanlege smittevernråda: god handhygiene og å hosta i olbogen.