nyhende
Noreg får 500 nye HV-soldatar
Forsvarsministeren varslar at regjeringa i 2023 vil styrkje Heimevernet (HV) med 500 soldatar i områdestrukturen og aukar beredskapen i heile landet.
NPK: Forsvarsminister Bjørn Arild Gram (Sp) opplyser at talet på HV-soldatar som øver kvart år skal aukast frå 70 prosent i dag til 80 prosent. I tillegg er det løyvd 15 millionar kroner ekstra til kurs- og kompetanseheving for befal i Heimevernet.
Talet på HV-soldatar i områdestrukturen blir auka frå 37.000 til 37.500. Auken skal vere fullført innan utgangen av 2023, og soldatane skal vere klare til å gjennomføre årleg trening frå 2024. I forsvarsbudsjettet for 2023 vart Heimevernet styrkt med 127 millionar kroner.
– HV-distrikta blir styrkte med personell med lokal tilknyting, og det er i stor grad dei distrikta som tidlegare har vorte nedbemanna som no blir styrkte, siger Bjørn Arild Gram i ei pressemelding.
(©NPK)k