nyhende

Noreg importerer det meste av frøa vi brukar i matproduksjon.

Noreg har lite frø på lager: – Eit beredskapsproblem

Å ha frø på lager kan bli livsviktig i ein krisesituasjon. I Noreg importerer vi det meste av frøa vi brukar i matproduksjon, og det er uheldig for beredskapen, ifølgje fleire fagfolk.

Publisert

– Vi hadde tent meir om vi hadde importert alle frøa vi sel. Mange norske frøprodusentar har blitt utkonkurrerte av dei utanlandske frøa. Det handlar om å vere budd på krise, og det kostar pengar. Nokon må ta den rekninga, sa Jasper Kroon i Solhatt økologisk hagebruk under eit seminar i regi av Norsk institutt for bioøkonomi (Nibio) om frø tidlegare i haust.

Dei produserer om lag 0,4 prosent av såfrøa som blir brukt i Noreg. Dei resterande 99,6 prosentane frø blir importerte.

– Eitt av problema med beredskap er nettopp det med import. Det er sårbart at frø og såfrø kjem utanfrå. Plutseleg kan forsyningslinjene bryte saman eller bli utfordra, så sit vi der og har eit kjempeproblem, fortalde Nibio-forskar Linn Borgen Nilsen.

Brukar bok frå krigen

Vi treng ikkje reise langt tilbake for å finne ei tid der frøsituasjonen var heilt annleis. For femti år sidan fanst det mange frøprodusentar i Noreg, og under krigen var frøproduksjon utbreidd kunnskap.

Jasper Kroon (f.v.), forskar Linn Borgen Nilsen i NIBIO og forskar Viviana Meixner Vasquez ved Fridtjof Nansens institutt diskuterer den norske frøsituasjonen.

– Ein ting er å ha frø på lager, men korleis skal ein dyrke fram desse frøa? Vi brukar ei bok frå 1943 som handlar om grønnsaksfrøavling i Noreg. På den tida var ein avhengige av å kunne dette. Det er difor mykje kunnskap å hente frå den tida, så må vi sjølvsagt tilpasse det til moderne forhold, klima og kvalitetskrav, fortalde Kroon.

Det meste av frøa vi importerer kjem frå Nederland. At kjelda ligg så nær oss, trur Kroon er ein av hovudgrunnane til at Landbruks- og matdepartementet ikkje vil satse meir pengar på norsk produksjon.

– Vi har heilt klart gode samarbeidsavtalar med Nederland, men heller ikkje dei produserer alt dei sel vidare. Dei importerer frå andre delar av verda. Vi kan jo tenke at så lenge vi hentar frå Nederland, så er alt bra, men nei. Det er ikkje sikkert systemet er så robust som det verkar som, seier frøprodusenten.

Samarbeid i Norden

Når 99,6 prosent av såfrøa vi brukar kjem frå utlandet, kan det verke nærmast umogleg å få snudd trenden over til meir norsk. Kroon i Solhatt trur ikkje nødvendigvis vi treng å gjere dette løftet aleine.

For at noko skal spire treng ein frø.

– Kanskje vi må sjå på eit nordisk samarbeid med Sverige, Danmark og Finland. Dei har stort sett det same klimaet som oss. Kanskje vi kan hjelpe kvarandre med kunnskap, kanskje vi kan koordinere produksjon.

Han etterlyser først og fremst ein strategi frå styresmaktene.

– Vi må ha ein plan. Og ja, det vil koste, men det må til, avslutta han.

Powered by Labrador CMS