nyhende

Regelverket i EU inneber at fiskeutstyr som inneheld meir enn 1 prosent bly, gradvis blir fasa ut.

Noreg må følgje etter når EU fasar ut bly i fiske­utstyr

EU-kommisjonen har vedteke nye reglar som skal fase ut bly i fiskeutstyr frå mars. Regelverket skal inn i EØS-avtalen og gjennomførast i norsk rett.

Publisert

Målet til EU er å redusere blyforureining og verne fuglar og dyr. Eit grep er at fiskeutstyr som inneheld meir enn éin prosent bly, gradvis blir fasa ut frå 3. mars neste år. EU-kommisjonen har vedteke endringane i reglane, som er ein del av EUs kjemikalieregelverk Reach. Regelverket vil også komme til Noreg, via EØS-avtalen. Endringa er no på høyring, med høyringsfrist 14. desember.

– Noreg jobbar for å fase ut miljøgifter, både i Europa og internasjonalt gjennom FN. Bly er skadeleg for både menneske og miljø, sjølv i små mengder. Derfor er det viktig at vi får bly ut av fiskeutstyr, seier klima- og miljøminister Sigrun Aasland (Ap) i ei pressemelding.

Det europeiske kjemikaliebyrået Echa anslår at 44.000 tonn bly hamnar i miljøet i EU kvart år frå jakt, sportsskyting og fiske. Rundt 11 prosent kjem frå fiskeaktivitetar.

Minst 135 millionar fuglar i EU risikerer blyforgifting årleg etter å ha fått i seg fiskesøkke, blyhagl eller andre små bitar av bly.

Bly i fiskeutstyr kan føre til blyforgifting hos fuglar og anna vilt.
Powered by Labrador CMS