nyhende
Noreg vil unngå Australia-smell om aldersgrense for sosiale medium
Barneministeren er i gang med siste finpuss av lovforslaget om aldersgrense for sosiale medium. Ho vil ikkje gjere dei same tabbane som Australia.
– Erfaringane i Australia er at mange av teknologiselskapa ikkje følgjer lova om aldersgrense i tilstrekkeleg grad, seier barne- og familieminister Lene Vågslid (Ap).
Det skjer sjølv om dei har tydeleg lovgiving med både sanksjonar og handhevingsmekanismar.
Den norske barneministeren er i Australia for å høyre om deira aller siste erfaringar. Her møter ho regjeringa og kommunikasjonsminister Anika Wells. Australia innførte, som første land, 16-årsaldersgrense for sosiale medium i desember 2025.
Lov frå 2027
Det norske lovforslaget om 16 års aldersgrense for sosiale medium er venta i desember. Lova skal etter planen tre i kraft i løpet av neste år. Då kan berre dei som er fødde i 2011 eller tidlegare, bruke sosiale medium.
Mange under 16 år i Australia brukar likevel sosiale medium, sjølv om det er aldersgrense.
– Utfordringa er ikkje først og fremst at barna og dei unge omgår alderskontrollen. Realiteten er at fleire av selskapa ikkje har ein ordentleg alderskontroll, seier Vågslid.
Australia er lei av situasjonen. I oktober gjorde dei det kjent at staten førebur søksmål mot dei fem største plattformene.
Musklar i EU
Den norske barneministeren og digitaliseringsminister Torgeir Micaelsen (Ap) følgjer no nøye med på korleis EU løyser verifisering og alderssjekk.
– Vi følgjer spent med på mellom anna EUs wallet-løysing, sjølv om den ikkje er klar enno. Men eg er veldig sikker på at teknologiselskapa med deira musklar og evne, fint kan lage gode verifiseringsløysingar, meiner ho.
Med ei wallet-løysing kan til dømes dei som er 16 år, gi sikker identifisering, men sleppe å gi frå seg personleg informasjon til teknologiselskapa.
– Når vi har hatt møte med både Meta, Google og Snapchat og TikTok i Noreg, er det ingen av dei som seier at det ikkje er mogleg å få til.
Det ligg også større musklar i EU når det gjeld å følgje opp teknologiselskapa. Bryt ein den europeiske Digital Service Act (DSA) kan ein risikere ei bot på 6 prosent av omsetninga i selskapet.
– Nikka veldig
Nyleg blei det kjent at Noreg har finpussa på lovforslaget som kjem snart.
Det har blitt lagt inn ei formulering om skadelegheitsvilkår i lova om aldersgrense. Den blir ikkje avgrensa til sosiale medium, men kan også omfatte enkelte spelplattformer som til dømes Roblox, som Medietilsynet har peika særleg på. Samtidig vil lova tillate sosiale medium og spel som ikkje har eit skadelegheitsvilkår.
– Dei nikka veldig då vi fortalde om dette. Dette er fordelen med å ikkje vere først. Då kan vi lære litt av dei som var aller først, seier Vågslid.
Vågslid oppheld seg i Australia til torsdag. I tillegg til møtet med kommunikasjonsminister Anika Wells treffer ho også forskarar, styresmaktspersonar, organisasjonar og familiar med barn og unge som fortel om korleis aldersgrensa blir opplevd for dei.