nyhende
Noregs Bank held renta uendra
Noregs Bank rører ikkje styringsrenta og lèt ho liggje på 4,25 prosent til over sommaren.
– Prisveksten er for høg, og sterk vekst i kostnadene for bedriftene dei siste åra vil bidra til å halde prisveksten oppe framover. Ny informasjon tyder på at inflasjonspresset er litt høgare enn vi tidlegare har sett for oss, seier sentralbanksjef Ida Wolden Bache i ei pressemelding.
Dei varslar samtidig rentehevingar om kort tid.
– Vi trur det blir nødvendig med ei litt høgare rente for å bringe prisveksten tilbake til målet innan rimeleg tid. Går det som vi no ser for oss, set vi renta opp på eit av dei næraste rentemøta, seier Bache.
Uvisse på førehand
Det har vore stor uvisse om renta kom til å bli heva eller haldast på same nivå torsdag.
Krig og økonomisk uro i verda har gjort at inflasjonen har bite seg fast, noko som har gjort at både økonomar og sentralbanken meiner styringsrenta må opp i løpet av året.
– Inflasjonstala dei siste månadene har stadfesta at det underliggjande prispresset er litt høgare enn Noregs Bank såg for seg i mars, og lønnsanslaget frå Regionalt Nettverk peikar også i retning av at prisveksten kan vise seg meir gjenstridig, skriv seniorøkonom Kyrre Aamdal i DNB Carnegies morgonrapport torsdag.
Ei heving til i år
I prognosane sine ventar SSB at vi får éi renteheving til i år, og at ho ikkje går ned før frå midten av 2027.
I mars endra Noregs Bank rentebanen som dei la fram i fjor, etter å ha kutta renta to gonger frå 4,5 til 4 prosent.
Då såg sentralbanken for seg fleire kutt i år, men i staden ligg det no an til at renta heller går opp.