nyhende

Facebook- og WhatsApp-eigar Meta blir teke til retten av selskap som TV 2, Schibsted, NRK og NTB.

Norske medie­bedrifter tek Meta til retten

Store norske mediebedrifter som TV 2, Schibsted og NRK vil stanse Meta og tek saka til norsk rett.

Publisert

20. november oppdaterer Meta plattformene med nye vilkår for dei som har bedriftskontoar.

Medlemene i Mediebedriftenes Landsforening (MBL) meiner at desse brukarvilkåra vil gi Meta rett til å skrape kvar einaste artikkel, bilete og video som dei redaktørstyrte media publiserer. Det gjeld også innhald bak betalingsmur.

– Det er misbruk av ei dominerande stilling og til hinder for å spreie journalistikk til det norske publikummet, seier styreleiar Lene Eltvik Vindfeld i MBL til NRK.

Vil stoppe KI-trening

Bak søksmålet står NRK, TV 2, Schibsted, Amedia, Polaris, Aller, DN, Mentor Medier, NTB og Hordaland Folkeblad.

Norske medium vil ikkje at Meta skal kunne bruke innhaldet deira til KI-trening, eller at dei spreier det utan at det først er godkjent.

– Vi meiner at dette skal rettsleg vurderast, om dette faktisk er i tråd med norsk lov, seier Vindfeld.

Ifølgje NRK og MBL er Noreg det første landet som tek dette til retten.

– Ikkje «up for grabs»

– Vi kan ikkje akseptere at Meta skal kunne bruke journalistikken vår til å byggje tenester som direkte truer eksistensgrunnlaget, seier ansvarleg redaktør Guro Valland i Amedia-avisa Bergensavisen i ei pressemelding.

– Små og store redaksjonar over heile landet bruker store ressursar for å skape unikt innhald, og det er ikkje «up for grabs», seier Valland.

Norske medium krev ei såkalla mellombels åtgjerd overfor Meta. Det betyr at retten blir beden om å stoppe innføringa av Metas nye brukarvilkår fram til det er rettsleg avklart om dei er lovlege.

– Historisk

– Det er historisk når medielandskapet samlar seg rundt dette søksmålet, så då skulle det berre mangle at NTB ikkje er med. Vi direktepubliserer ikkje saker på Facebook og Instagram, men fleire av kundane våre gjer det og er avhengig av det, og når dei gjer det, kan dei også publisere innhaldet vårt, seier sjefredaktør og administrerande direktør Tina Mari Flem i NTB.

– Det er særs ugreitt, seier ho om dei nye brukarvilkåra til Meta.

Det blir stilt tre konkrete krav til Meta: at selskapet respekterer tekniske reservasjonar mot at innhald blir henta frå nettsidene deira, mellom anna gjennom den tekniske løysinga robots.txt.

I tillegg ønskjer norske medium at bruk av innhald til KI-trening krev frivillige avtalar med betaling, og at medium som seier nei, ikkje blir straffa med dårlegare synlegheit eller utestenging frå Instagram og Facebook.

Powered by Labrador CMS