nyhende

Finans Norge ber folk vera obs på den nye gullsvindelen.

Ny svindel­metode: Folk blir bede om å leggja gull i skogen

Bankane åtvarar no mot tre svindelmetodar som rammar privatpersonar og bedrifter. Ein av dei er gullinvesteringssvindel, der offer blir lurde til å kjøpa gull og leggja det frå seg ute i naturen.

Publisert

Fleire bankkundar har vorte overtala til å kjøpa gull for store summar, med løfte om trygg oppbevaring og verdistigning, skriv Finans Norge i ei pressemelding.

Offera skal ha vorte bedne om å leggja gullet frå seg på uvanlege stader, som til dømes ute i naturen, slik at det kan hentast.

– Ikkje overlever verdiar til ukjende

– Ver svært skeptisk dersom nokon kontaktar deg og ber deg investera i gull eller andre verdiar. Ikkje overlever verdiar til ukjende eller legg dei igjen på stader etter instruksjonar frå andre, seier Gry Nergård, fagdirektør antisvindel i Finans Norge.

Bankane åtvarar også mot svindel retta mot tilsette med tilgang til bedriftskonto, og mot falske meldingar frå svindlarar som gir seg ut for å vera kosmetikkjeda Lyko.

Info blir brukt til svindel

Svindelmetoden mot tilsette med bedriftskonto startar ofte med ein SMS eller e-post til den tilsette, der svindlaren følgjer opp med ein telefonsamtale der dei gir seg ut for å vera frå banken.

Lyko-svindelen går ut på at offera får beskjed om at dei har vunne ei gåve frå det som ser ut som kosmetikkjeda Lyko, og må trykkja på ei lenkje for å «verifisera» gevinsten. Informasjonen som blir send inn, blir seinare brukt til svindel.

I 2025 tapte bankane og kundane 962 millionar kroner til svindel, skriv Finans Norge.

Powered by Labrador CMS