nyhende
Oddgeir Bruaset besøker Sveio
Heile Noreg kjenner serien «Der ingen skulle tru at nokon kunne bu». No kjem skaparen Oddgeir Bruaset til Sveio.
Det er Sveio Frivilligsentral som har kapra den den folkekjære journalisten og forfattaren. Og dei inviterer til gratis foredrag på Sambrukshuset måndag 9. november.
Bruaset har skrive sjølvbiografien «Vegen som vart min», og i boka ser han tilbake på eit langt liv og eit mangfaldig journalistisk virke. Boka er utgangspunkt for foredraget, der Bruset mellom anna gir innblikk i kulissane frå TV-produksjon i gamle dagar, og om oppvekst i enkle kår i Måndalen i Romsdal. Etter foredraget er det mogeleg å slå av ein prat med Bruaset og få signert bok.