nyhende
Økonomien påverkar helsa til vestlendingar
Dei fleste vaksne i Vestland seier dei har god helse, men økonomi og alder har mykje å seia for korleis folk har det. Ei ny undersøking frå Folkehelseinstituttet viser meir psykisk uhelse, lågare livstilfredsheit og fleire økonomiske utfordringar sidan 2022.
Nesten 68 prosent av dei vaksne i Vestland fylke meiner dei har god eller svært god helse. Men blant dei som synest økonomien er svært vanskeleg, gjeld dette berre rundt tre av ti. Blant dei som har svært god økonomi, gjeld det åtte av ti.
– Dei største forskjellane kjem til syne mellom grupper med ulik økonomi, seier forskar Gunnhild Johnsen Hjetland ved Folkehelseinstituttet.
Undersøkinga viser at unge oftare slit med psykiske plager, einsemd og økonomiske problem enn eldre. Samstundes har delen som synest økonomien er vanskeleg, auka frå 19 prosent i 2022 til 23 prosent i 2026.
Psykiske plager og søvnproblem
Sjølv om 94 prosent seier dei har god tilgang til natur- og friluftsområde, viser undersøkinga at folk er mindre tilfredse med livet enn før. Fleire opplever òg psykiske plager og søvnproblem, og færre kjenner at dei har støtte frå andre.
– Resultata viser kor viktig det er at folkehelsearbeidet òg tek omsyn til levekår og sosiale forskjellar, seier Hjetland.
Undersøkinga vart gjennomført våren 2026 av Folkehelseinstituttet og Vestland fylkeskommune. Nær 69.000 personar over 18 år deltok.