nyhende

Iselin og Arnfinn Hovda inviterte tysdag til open sankthansfeiring på garden sin, Søndre Mølstre gard.

Opna garden for alle som ville feira St. Hans

Krabbeleiting i strandkanten og båltenning utpå næraste holme prega sankthansfeiringa på Søndre Mølstre gard tysdag ettermiddag.

Publisert

Sidan Iselin og Arnfinn Hovda overtok Søndre Mølstre gard i november i fjor, er det mange planar og draumar som har vakse fram. Tysdag inviterte dei til sitt aller første arrangement på garden – ei open sankthansfeiring for alle som hadde lyst til å vera med

 – Eg hadde høyrt om fleire som ikkje visste kvar dei skulle vera på St. Hans. Det er for gale. Me har den fine plassen, så då laga me til eit arrangement der folk kan koma. Me har fyrt opp grillar og folk sjølv har teke med seg mat og stolar, fortel Iselin.

Mange feira St. Hans ved Søndre Mølstre gard. Strandlinja baud på aktivitet i fjøra.


For paret handlar arrangementet og om å bli kjend med naboar og folk i bygda, ettersom at dei er nytilflytta på garden.

Trygg feiring

Hovda hadde valt ei forsiktig løysing der bålet blei tent ute på ein holme.

– Me har sjølve små barn, og den yngste likar å springa nær flammane. Difor gjorde me ei lita risikovurdering og fann ei løysing som kjennest trygg, smiler Iselin. 

Og lokaliseringa i sjøkanten fall i smak der det blei vassa til langt over støvlekanten hjå somme, for å fanga krabbar og anna levande i sjøkanten. 

Har planar for garden

Søndre Mølstre gard er framleis i startfasen som familiegard, men planane er mange. Paret ønskjer å driva med storfe til kjøtproduksjon og etter kvart opna gardsbutikk med eigne produkt.

Med seg frå Emberland, kor dei har budd i seks år, har dei med seg to shetlandsponniar, 22 silkehøner, fleire kaniner og to geiter.

På sikt er målet å få inn Dexter-fe, ein storferase kjend for god kjøttkvalitet og evna til å leva mykje utandørs.

– Dei toler vestlandsvêret godt og kan følgja eit meir naturleg årshjul. Me ønskjer at dyra skal gå mykje ute og trivast, seier Iselin. 

Har alltid vore oppteken av gard

Ho arbeider til dagleg med barn med vedtak, og ser også føre seg at garden kan bli aktuell for prosjekt som «Inn på tunet» eller «Grøn omsorg». 

– Mor mi fortel at då eg var lita og blei spurt om kva eg ville bli, så svara eg alltid at eg ville bli «bondegård», ler Iselin.

Ho er oppvaksen på Karmøy, medan Arnfinn kjem frå Sveio, og snart blir familien på fire til fem. 

Arnfinn Hovda med minstemann Viktor på armen.


Powered by Labrador CMS