nyhende
Oppmodar fleire til å vere ein trygg vaksen
Ikkje alle barn gleder seg til skulestart. Organisasjonen Ly ber vaksne om å ta eit ekstra ansvar når skulen byrjar igjen.
Det skriv Ly i ei pressemelding.
– Vi veit at mange barn ber på ting dei færraste vaksne veit noko om. For desse barna kan dei vaksne rundt, ikkje berre foreldra, men også besteforeldre, naboar og andre føresette, gjere ein reell skilnad, seier generalsekretær i Ly, Kristin Oudmayer.
Ly oppmodar vaksne til å lytte når barnet fortel om klassen, kven som er utanfor, kven som hamnar i trøbbel og kven som blir gjort narr av. Ikkje alle barn har vaksne å prate med heime. Difor meiner Ly det er viktig for andre foreldre å følgje med.
I tillegg meiner Ly det er viktig å vere ein trygg vaksen for fleire. Om ein blir bekymra, oppmodar Ly foreldre til å seie frå.
– Ved å seie frå og prate med nokon kan du bidra til at skulen ser og møter barnet på ein betre måte, seier Oudmayer.