nyhende

Over halvparten av nordmenn kunne tenkje seg å få ei brukt julegåve.

Over halv­parten av nord­menn kan tenkje seg ei brukt jule­gåve

37 prosent av nordmenn har gitt bort ei brukt julegåve. Det svarer til 1,8 millionar nordmenn.

Publisert

Det er ein auke på 5 prosent frå i fjor, og det høgaste talet Finn har registrert sidan dei begynte å spørje om brukte julegåver i 2022.

Samtidig oppgir godt over halvparten av nordmenn at dei kan tenkje seg å få noko brukt i julegåve, oppgir Finn i ei pressemelding.

Tala baserer seg på ei undersøking gjort av Opinion for Finn. 1006 representative respondentar har delteke i undersøkinga.

– Mange er nok litt usikre på om det er greitt å gi bort noko brukt, eller om mottakaren heller ventar noko nytt. Derfor er mitt beste tips å seie tydeleg frå om at du gjerne ønskjer deg brukte julegåver. Då fjernar du ein viktig barriere for dei som skal handle til deg, seier gjenbruksekspert i Finn, Kathrine Opshaug Bakke.

Over halvparten av nordmenn i aldersgruppa mellom 30 og 49 år har gitt bort brukte julegåver. Blant dei i 40-åra har andelen auka med 14 prosentpoeng på eitt år.

– Det er ein ganske kraftig auke. Mange mellom 30 og 49 år er også i ein fase av livet der det gjerne skal kjøpast mange julegåver. Då er bruktmarknaden ein veldig fin stad å leite, både om du vil spare pengar og om du er på jakt etter noko unikt, seier Opshaug Bakke.

Powered by Labrador CMS