nyhende

Heile familien på gullvasking. Frå venstre: Helge Jacobsen, Mika Bakken Jacobsen, Samuel Bakken Jacobsen, Matteus Bakken Jacobsen og Siv Bakken Jacobsen.

På jakt etter gull i Buavåg

– Her er det mykje gull! ropa ein av gullvaskarane då dei gullfarga steinane kom fram i vaskefatet.

Publisert

Det vart gjort fleire gullfunn i strandkanten då Sveio Gullforeining og LivogLyst Bua arrangerte gullvasking for born ved Gullsjøhuset i Buavåg. 

I strandkanten viste Georg Bua korleis gullvasking går føre seg. Med vaskefat, sand og sjøvatn vaska borna fram små gullfarga steinar. Sjølv om gullet denne gongen var lagt ut på førehand, gav aktiviteten eit lite innblikk i gullarbeidet. I Buavåg vart den gullhaldige steinen frakta hit frå gruvene på Hovda, knust ved sjøhuset og vidare behandla for å skilje gullet frå steinmassane 

Andre skattar enn gull

For dei minste var det ikkje berre gull som var interessant. To år gamle Frida Lill Pedersen Oseberg fylte vaskefatet med vakre skjell frå fjøra, som viste seg å vera skattar vel så verdifulle.

For Frida Lill Pedersen Oseberg (2) var vakre skjell vel så flotte skattar som gull. Ho fylte vaskefatet med skjell frå fjøra.

Inne på Gullsjøhuset vart gullfunna veksla inn i etande gullpengar og diplom. Samstundes fortalde Alf Edvin Hovda om gullhistoria i Buavåg og synte fram ein replika av gullsteinen som sette fart på gulleventyret. Han fortalde at steinen vart funnen av Thomas Wegner Simonsen i 1873 og seinare seld for 900 kroner som svarar til om lag ein halv million kroner i dagens pengeverdi. 

Inne på Gullsjøhuset vart gullfunna veksla inn i etande gullpengar og diplom. Alf Edvin Hovda viser fram ein replika av gullsteinen som sette fart på gulleventyret i Buavåg. Frå venstre: Ferdinand, Ludvig Marcelius, Erica Lyngholm og Alf Edvin Hovda.

Ved sida av gullvaskinga var det teiknekonkurranse med gull som tema. Premien var ein minikopi av gullsteinen frå Buavåg som gjekk til Emil Strømmen Wistrøm og Astrid Oline Hovda. 

Samlingspunkt i ferien

Sjøhuset er samlingspunkt for mykje av aktiviteten til Gullforeininga gjennom sommaren. Kvar onsdag er det open kafé, og fredagar blir det arrangert quiz. Mellom gamle fiskereiskapar, garn og bilete frå gruvedrifta blir historia om Buavåg si gulltid teke vare på. 

Små og store på gulljakt i Buavåg.
Lotta Karson Kallevik og Ivar Kallevik studerer gullfunnet dei nettopp har gjort i strandkanten.
Ivar Kallevik viser fram gullsteinane som borna hadde samla i små skjell.
Georg Bua held oppsyn med gullgravarane og demonstrerer teknikken undervegs.
Fremst frå venstre: Thea Marie Pedersen vaskar gull saman med Theodor Pedersen Oseberg. Bak frå venstre: Livian Larson Kallevik, Ivar Kallevik og Lotta Larson Kallevik.
Ferdinand og Ludvig Marcelius Klinkenberg leita etter gull saman med mormor og morfar. Her saman med mormor Erica Lyngholm.
Alf Edvin Hovda kontrollerer gullfunnet til Mika, Matteus (står gøymd bak broren sin) og Samuel Bakken Jacobsen.
Marit Rossehaug (t.v.) og Solveig Hovda sørgde for nysteikte vaflar i kafeen. Her handlar Aksel Lyngholm.
Mange sikra seg nysteikte vaflar inne i kafeen på Gullsjøhuset.
Frå slutten av 1880-åra vart stein som innehaldt gull frakta sjøvegen til Buavåg. Ved sjøhuset vart gullhaldig stein knust og vaska før gullet vart skilt ut. På det meste arbeidde mellom 30 og 40 mann ved anlegget, men gulleventyret vart kortvarig. Gruveselskapet gjekk konkurs i 1893.
Leiar i Gullforeininga, Aud Strømmen, hadde ferie denne dagen og var gjest på Gullsjøhuset saman med dotter og barnebarn. Frå venstre: Aud Strømmen, Bendik Strømmen Aarekol, Anette Strømmen Wistrøm og Emil Strømmen Wistrøm.
Vinnar av teiknekonkuransen i aldersgruppe 7 – 12 år var Astrid Oline Hovda.
Vinnar av teiknekonkuransen i aldersgruppe 0 – 6 år vart Emil Strømmen Wistrøm.
Powered by Labrador CMS