nyhende
Pass opp for investeringssvindel og danske oppringingar
Investeringssvindel og falske samtalar frå danske telefonnummer er blant metodane kriminelle no bruker for å lure nordmenn. Svindelekspert oppmodar folk til å vere ekstra merksame i sommar.
– Sjansen for å bli svindla blir redusert kraftig dersom du kjenner til korleis svindlarane opererer, seier Johannes Vallesverd, svindelekspert i Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit (Nkom).
Nesten éin av fem nordmenn har opplevd å bli svindla, ifølgje ei undersøking Nkom fekk utført i november 2025.
Ein som sjølv har opplevd å bli svindla på nett er digitaliserings- og forvaltningsminister Karianne Tung (Ap).
– Vi veit at svindlarane stadig tek i bruk nye verktøy og utnyttar både ny teknologi og sommarsesongen til å lure folk. Derfor har regjeringa styrkt innsatsen mot digital svindel med Noregs digitale skjold i mobilnettet og strengare regulering av dei store teknologiplattformene, seier Tung.
Ho meiner kunnskap om svindeltrendar er eit viktig forsvar for kvar enkelt. Her er trendane du bør vite om i sommar:
Investeringssvindel aukar
Investeringssvindel er økonomisk bedrageri der kriminelle lokkar offer til å overføre pengar til falske investeringsprosjekt. Svindlarane lovar ofte høg avkastning med låg risiko. I realiteten kan offera gjerne tape store pengebeløp.
Svindlarar spoofar (tjuvlåner) danske telefonnummer
At danske mobilnummer er spoofa betyr at svindlarar i utlandet bruker teknologi for å maskere sitt eige telefonnummer, slik at det ser ut som dei ringjer frå eit ekte, dansk telefonnummer. Formålet er å lure deg til å svare ved å stå fram som ein påliteleg aktør frå nabolandet.
Smishing – svindel via SMS
Ein annan utbreidd metode er såkalla smishing, som er Phishing utført via tekstmelding. Altså «fisking» etter informasjon eller ei handling frå deg.
Falske QR-kodar
Fleire aktørar har den siste tida åtvara om svindel med falske QR-kodar, også kalla «quishing». Svindelen skjer ved at kriminelle erstattar legitime QR-kodar med eigne for å lure folk til falske nettsider. Den falske koden kan til dømes vere klistra over den ekte, eller stå på ein plakat eller i ein brosjyre.
Billettsvindel
Billettsvindel inneber at kriminelle sel falske billettar til konsertar, festivalar, fotballkampar eller andre arrangement.