nyhende

Pensjonistforbundet støttar forslaget om eit slitartillegg som skal gi personar med lange og krevjande yrkesliv betre moglegheit til å gå av med pensjon tidlegare. Samtidig åtvarar forbundet mot delar av ordninga, som kan få store og utilsikta konsekvensar.

Pensjonist­forbundet åtvarar mot pensjons­felle i nytt slitar­tillegg

Pensjonistforbundet støttar forslaget om eit slitartillegg som skal gi personar med lange og krevjande yrkesliv betre moglegheit til å gå av med pensjon tidlegare. Samtidig åtvarar forbundet mot delar av ordninga, som kan få store og utilsikta konsekvensar.

Publisert

– Ordninga for eit slitartillegg må formast ut slik at ho gir tryggleik, ikkje skaper nye pensjonsfeller, seier leiar Erna Ansnes i Pensjonistforbundet i ei pressemelding.

For å kunna ta ut alderspensjon før normert pensjonsalder, alderen der alle har rett til alderspensjon, må den samla pensjonen vera minst like høg som minstesatsen for einslege. Kravet skal verna kvar enkelt mot å gå av så tidleg at pensjonen blir svært låg resten av livet.

Regjeringa foreslår at slitartillegget skal reknast med når det blir vurdert om dette kravet er oppfylt. Dermed kan slitartillegget bli avgjerande for at enkelte får høve til å ta ut pensjon tidleg. Samtidig blir det foreslått at slitartillegget kan falla varig bort dersom arbeidsinntekta overstig 0,25 G i eitt enkelt kalenderår – om lag 34 000 kroner med dagens grunnbeløp.

For ein person som får fullt slitartillegg, kan bortfallet bety rundt 34 000 kroner mindre i årleg pensjon resten av livet. Over 25 år svarer det til meir enn 800 000 kroner. Det betyr at ein person som misforstår regelverket, eller tener litt over inntektsgrensa eitt enkelt år, kan mista eit stort tillegg for resten av livet.

– Konsekvensen står ikkje i forhold til feilen. Det bør ikkje vera mogleg å mista fleire hundre tusen kroner i framtidig pensjon fordi ein har tent nokre få kroner for mykje eitt år. Her må regjeringa finna ei løysing som ikkje rammar urimeleg hardt, seier Erna Ansnes.

Powered by Labrador CMS