nyhende

Sveio omsorgssenter skal etter planen byggjast ut med både sjukeheimsplassar og omsorgsbustadar

Planlegg stor utbygging av omsorgssenteret

Talet på eldre over 80 år i Sveio er venta å meir enn dobla seg fram mot 2050. No vert det planlagt ei omfattande utbygging av omsorgssenteret.

Publisert

Sveio kommune står framfor ei av dei største investeringane sine på mange år. Eit førebels overslag viser at utbygging og ombygging av Sveio omsorgssenter kan kosta rundt 400 millionar kroner, målt i 2026-kroner.

– Tanken er at det blir fleire eldre. Difor må me sjå på kor mange omsorgsplassar me treng, og kva me skal gjera med sjukeheimen, seier prosjektleiar Andreas Ekrheim.

80 til 100 plassar

Ein moglegheitsstudie frå Norconsult anslår at Sveio vil trenga rundt 60 sjukeheimsplassar i 2035 og 80 i 2050.

Ifølgje studien føreslår kommunedirektøren difor at 80 plassar blir brukte som hovudscenario. Samstundes skal det reserverast nok areal ved omsorgssenteret til minst 100 plassar.

Det blir også tilrådd å arbeida vidare med skisseprosjekt og reguleringsplan. Skisseprosjektet skal leggjast fram til politisk handsaming, medan vidare løyvingar skal avgjerast gjennom budsjettbehandlinga.

– Me set av areal, men byggjer ikkje nødvendigvis 100 plassar. Når me planlegg, planlegg me for 80, men det må vera mogleg å koma opp i totalt 100, seier Ekrheim.

Prosjektleiar Andreas Ekrheim i Sveio kommune planlegg ei utbygging av Sveio omsorgssenter.

Kommunen tek sikte på at fleire sjukeheimsplassar skal stå ferdige mellom 2030 og 2035.

Fleire skal bu heime

Sjølv om talet på eldre er venta å meir enn doblast fram mot 2050, legg hovudscenarioet opp til at dekningsgraden skal reduserast frå 16 prosent til rundt 12 prosent.

Det betyr at ein mindre del av dei eldre skal bu på sjukeheim. Fleire skal i staden kunna bu heime eller i ein omsorgsbustad med hjelp frå kommunen. Kommunen peikar difor på behovet for sterkare heimetenester, førebyggjande tilbod, dagsenter og aktivitetstilbod.

Ekrheim seier kommunen ikkje ønskjer å vedta éin bestemt dekningsgrad som skal styra kven som får plass.

– Dei som skal ha plass på sjukeheimen, skal få plass. Dei som ikkje treng det, skal ikkje vera der, seier han.

Ei utbygging av sjukeheimen er førebels rekna til å kosta rundt 400 millionar kroner. Det førebelse kostnadsoverslaget er basert på 4.000 kvadratmeter ny sjukeheim og ombygging av ytterlegare 4.000 kvadratmeter i dagens omsorgssenter.

Store investeringar

Det kommunale investeringsbehovet er førebels anslått til mellom 100 og 200 millionar kroner. Resten av summen kan dekkjast inn gjennom Husbanken og momskompensasjon.

Eit ferdig utbygd omsorgssenter kan få ein samla bygningsmasse på rundt 12.000 kvadratmeter.

Ifølgje Ekrheim skal utbygginga delast opp i fleire byggjetrinn. Før kvart trinn skal kommunen vurdera folketalsutviklinga, behovet for sjukeheimsplassar, talet på omsorgsbustadar og bemanningssituasjonen på nytt.

– Me må byggja før me manglar plassane, men me må heller ikkje byggja for tidleg. Å råka rett tidspunkt er vanskeleg, seier Ekrheim.

Sveio har i dag 32 omsorgsbustadar like ved eller i omsorgssenteret. Av desse er 31 i bruk.

Fleire omsorgsbustadar

Det er ikkje berre sjukeheimsplassar som skal byggjast ut dei neste åra. Utrekninga frå Norconsult tilseier eit behov for om lag 30 omsorgsbustadar i 2035 og 40 i 2050. I saksframlegget tilrår kommunedirektøren at det blir planlagt for mellom 60 og 100 omsorgsbustadar på eller ved omsorgssenteret.

Dette blir grunngjeve med at risikoen ved å byggja for mange omsorgsbustadar er lågare enn ved å byggja for mange sjukeheimsplassar. Bustadane gjev leigeinntekter, og buarane betaler mellom anna straum og reinhald sjølve.

Ifølgje kommunen fungerer dei nyaste sjukeheimsavdelingane, som vart bygde i 2010, godt. Ein førebels tanke er å byggja ei ny sjukeheimsfløy mot eller på grusbanen nedanfor dagens bygg, med ei gangbru mellom bygga.

– I neste fase skal me sjå på kor mykje som skal byggjast nytt, kor mykje som skal byggjast om, og kva dei eldste delane skal brukast til. Me må unngå å byggja noko det ikkje er bruk for. Utbygginga skal følgja behovet og vera berekraftig, seier Ekrheim.

Powered by Labrador CMS