nyhende
Pølser, sjokolade og turglede langs Bjellandselva
Langs Bjellandselva venta både natursti, grilling og sosialt samvær då Barnas turlag inviterte til «Kom deg ut-dagen» søndag.
Barnelatteren skjer gjennom terrenget, berre avbroten av suset frå Bjellandselva. Idet journalisten går forbi, stiller ein liten gut seg bak eit tre med fingeren framfor munnen – eit tydeleg signal om at nokon har ei overrasking i vente.
– Det er litt keisamt innimellom, men i dag var det kjekt. Eg har grilla pølser og ete sjokolade, seier 12 år gamle Olve Spilde.
Mamma Synnøve Spilde nikkar anerkjennande. Sjokoladen er eit must når ein går på tur.
Mor og son Spilde er berre to av mange som nytta søndagen til å koma seg ut i skogen.
Samla barnefamiliane
Barnas turlag i Sveio arrangerte «Kom deg ut-dagen» saman med Vigdar Grunneigarlag. Denne gongen gjekk turen langs Bjellandselva og vidare ut til Vigdarvatnet.
I grindabygget stod grillen klar med både pølser og fisk. Langs vasskanten sat barnefamiliane med panoramautsikt over Vigdarvatnet.
– Det handlar om å få barnefamiliane ut på tur. Det er ikkje alltid like enkelt i ein travel kvardag. Når me lagar eigne arrangement, blir folk meir medvitne og set av datoen i kalenderen, seier Ruth Vihovde Strand i Haugesund Turistforeining.
Skal inspirera
To gonger i året arrangerer turistforeininga «Kom deg ut-dagen». Føremålet er mellom anna å visa at friluftsliv er for alle, uavhengig av form, røynsle eller kostbart utstyr.
– Ved å arrangera turar i nærområdet gjer me det enklare for folk å bli inspirerte, bli betre kjende og ta naturen i bruk i sitt eige nærmiljø, seier Vihovde Strand.
Gode vanar som blir etablerte tidleg, kan også vara livet ut.
– Vanar ein får med seg som liten, tek ein ofte med seg vidare i livet. Det å gå på tur er også noko ein gjerne fører vidare til eigne born, seier Vihovde Strand.
Langs løypa var det denne gongen lagt ut postar med spørsmål som turgåarane kunne svara på.
Olve var ikkje i tvil om korleis det hadde gått:
– Eg klarte å svara på alle spørsmåla.