nyhende

Det var god stemning ved borda, og gjestene koste seg med både godt selskap og god mat.

Populært med afternoon tea 

Når ein tenker på bygda tenker ein ikkje først og fremst på treetasjes kakefat, smørbrød og sitronterter. Men det var det som blei servert på Solgry denne helga.

Publisert

Du kjenn kanskje Solgry ungdoms- og misjonssenter for for leirane deira, utleige av lokale, gokartkøyringa eller å kjøpe komler hos dei på torsdagar. Men denne laurdagen arrangerte dei noko heilt nytt: afternoon tea. 

Då dørene opna møtte det 33 damer for mat og song. Ei av dei var Marianne Svarverud Hansen som var der på sommaravslutning med Sveio fjernadopsjonsforeining. 

Nokre av dei fantastiske fata med mat som blei servert.

– Me valde å gå her fordi det var enkelt og nært. Me bur i Sveio sentrum, så då passa det veldig bra å dra hit. Men også fordi det er afternoon tea og litt nytt og annleis frå kva me pleier å gå på, seier ho.

Saman med venner

Framleis flesteparten av dei som deltok var saman med venner. Som Olaug Birkeland Johannessen som såg annonsa på Facebook og valde å gå med ein venninne.

– Me har jo høyrt og sett andre plasser det er afternoon tea. Men det har liksom ikkje vore så interessant. Men då det kom på Solgry fekk me veldig lyst til å gå, for her veit me at det er kjekt å vera.

Venninnene Amanda Helvik (t.v.) og Maren Tønnessen koser seg i lag på afternoon tea.

Birthe Marie Kalleland Bjørhovde hadde overbevist to venninner å bli med henne arrangementet. 

– Eg har jo lenge tenkt til å gå på afternoon tea, men så har det aldri blitt. No tenkte eg at dette var ein fin anledning, og det er litt stilig med etasje fat og te og alt.

Ein spontan ide

– Det var ein ide me fekk då me såg det var mange restaurantar som hadde dette tilbodet. Og me tenkte at det kunne vera kjekt å bruke plassen til noko litt annleis. Me har jo ein ganske flott plass som kan brukast til mykje meir enn det me har av aktvitetar i dag. Me ønsker også å vera eit samlingspunkt her i Sveio, fortel Hanne Underhau, daglege leiaren på Solgry om tanken bak arrangementet.

Korleis afternoon tea skal vera måtte dei gjera litt undersøkingar på i forkant.

Hanne Underhaug ønskte alle velkomen og presenterte planen for arrangementet.
Nokre av dei fantastiske fata med mat som blei servert.

– Me søkte ein del på nett. Mellom anna kva slags mat som skal serverast. Me hadde også ein klasse på leir som reiste i dag, og det gjorde det litt utfordrande å bli ferdig i tide til afternoon tea-en opna, seier ho.

Kan bli ein ny tradisjon

Då arrangementet slutta, var det mange som drog heim fornøgde. Fornøgd var også Hanne, sjølv med alt tidspresset. 

– Er dette noko de vil gjera igjen?

– Eg trur me kjem til å prøve ein gong til i haust slik at me har det to gongar i året. Og me håpar at det kan bli eit fast arrangement, seier ho.

Halvvegs i arrangementet var det vakker song frå Alise Tjelta Haaland.
Dei 33 damene som kom fekk servert afternoon tea-spesialitetar på lekre stettefat.



Powered by Labrador CMS