nyhende

PST vurderer at det er eit moderat trugselnivå frå ekstremistiske miljø.

PST: Sann­synleg med forsøk på terror i Noreg

PST meiner det er sannsynleg at ekstreme islamistar og høgreekstremistar vil prøve å gjennomføre terrorangrep i Noreg det neste året. Dei følgjer òg nøye med på utviklinga i ekstreme valdelege nettsamfunn.

Publisert

Terrortrugselnivået er framleis på nivå tre av fem. Likevel ser PST fleire grunnar til auka bekymring.

Det kjem fram av trugselvurderinga dei la fram onsdag morgon.

Der peikar dei på negative utviklingstrekk innan ekstrem islamisme og høgreekstremisme. Også utviklinga i ekstreme valdelege nettsamfunn gir grunn til bekymring, meiner dei.

– Den største terrortrugselen i og mot Noreg kjem framleis frå ekstreme islamistar og høgreekstremistar. PST vurderer at det er god grunn til å tru (det er sannsynleg) at det vil skje forsøk på terrorangrep det neste året frå nokre av desse miljøa, står det i vurderinga.

PST er òg bekymra over utviklinga av det dei omtalar som «nihilistisk ekstremisme», som har vakse fram i ekstreme valdelege nettsamfunn.

– Vi vurderer det som mogleg at nihilistiske ekstremistar vil prøve å gjennomføre terrorangrep i Noreg det kommande året. I desse nettverka blir det fokusert på svært grov vald og masseskade og øydelegging av samfunnet. Vi ser mindreårige som blir radikaliserte og det blir etablert alliansar mellom grupper i nettverka, seier Ane Mannsåker Roald, som er avdelingsdirektør for kontraterror i PST.

Powered by Labrador CMS