nyhende

Kommunedirektør i Sveio kommune, Jostein Førre.

Rådmannen seier nei til kommunal sommarjobbsentral 

For mange unge er sommaren eit godt høve til å tene kjærkomne pengar. Samstundes er sommarjobben gjerne det første møtet deira med arbeidslivet. No tilrår administrasjonen at kommunen ikkje opprettar ein eigen sommarjobbsentral.

Publisert

Både ungdomsrådet og kommunestyret har bede kommunen arbeide for at fleire unge mellom 13 og 18 år skal få sommarjobb, gjerne gjennom å opprette ein eigen jobbsentral for ungdom. No har rådmannen konkludert.

– Me har sett på modellen dei har i Stavanger, og konkludert med at dette blir for ressurskrevjande for oss. Me har ikkje nok folk til å følgje opp på ein skikkeleg måte, og me har ikkje rom for dette i budsjettet, seier rådmann Jostein Førre.

Sommarjobb kan vere viktig

Småjobbsentralen i Stavanger formidlar enkle arbeidsoppdrag til ungdom mellom 14 og 17 år i sommarferien. Ungdomane registrerer seg og møter opp dei dagane dei ønskjer å arbeide, medan kommunen fordeler innmelde oppdrag.

Bakgrunnen for vedtaket i kommunestyret før sommaren er resultata frå Ungdata-undersøkinga. Der skåra Sveio særs dårleg. Kommunen fekk ti raude trafikklys, flest av dei lokale kommunane.

Undersøkinga viser mellom anna at ungdom i Sveio opplever meir einsemd og isolasjon enn ungdomane i nabokommunane. Førre peikar på at sommarjobb kan vere viktig for ungdom.

– Eg trur ein sommarjobb er svært viktig. Her får ungdomane kjennskap til arbeidslivet, dei lærer ofte noko dei ikkje kunne frå før, og dei får oppleve meistring. I tillegg får dei tene sine eigne pengar og får dermed eit anna forhold til pengar, forklarer Førre.

Fleire tiltak

Likevel tilrår Førre at kommunen ikkje opprettar ein eigen jobbsentral. Rådmannen peikar på at kommunen hadde rundt 40 ungdomar i sommarjobb i år. Samstundes blir det understreka i sakshandsaminga at sommarjobbar berre er eitt av fleire moglege tiltak for å betre oppvekstvilkåra.

Sveio kommune tilbyr allereie no sommarjobbar til fleire ungdomar i kommunen.

– Me arbeider med å betre dei negative tala frå Ungdata-undersøkinga og ser på ulike tiltak. Fleire tiltak kan ha positiv effekt, så me må sjå alt i samanheng. Sommarjobb er eitt tiltak, medan eit betre kollektivtilbod og eit betre aktivitetstilbod kan vere andre.

Rådmannen peikar òg på at Sveio kommune i dag har eit jobbtilbod for 16- og 17-åringar gjennom prosjektet «Ung i Helse». Jobbtilbodet gjeld både deltidsarbeid i helgene gjennom året og heiltidsarbeid i sju veker i sommarferien. Han meiner prosjektet så langt har vore svært vellukka. Eit mogleg tiltak kan vere å styrkje dette tilbodet.

Skal kartleggje

– Ungdom treng sommarjobb, og me treng hjelp. Dette er òg innanfor eit område der kommunen har behov for mykje arbeidskraft både no og i framtida. For oss er dette ein svært god rekrutteringsarena. Samstundes er det ein fin måte for dei unge å finne ut om helsesektoren kan vere noko for dei, forklarer Førre.

Førre forklarar at dei ikkje veit kor mange av ungdomane i kommunen som har sommarjobb i private verksemder eller i landbruket. I saksframlegget opnar rådmannen for at kommunen, saman med ungdomsrådet, skal kartleggje behovet.

– Då får vi ei oversikt over kor stort behovet eigentleg er. Det er naturleg at mange faktisk har sommarjobb i andre kommunar eller i private verksemder utan at vi har tal på det, forklarer Førre.

Powered by Labrador CMS