nyhende

Rakel Øyerhamn sit i eit lyst rom med presentasjonslerret, bord og stolar.
Rakel Øyerhamn har ingen planar om å flytta frå bustaden sin på Tjernagel.

Rakel (74) har ingen plan B

Dei vil helst bu heime og klare seg sjølve. Men 460 av dei som svarte, bur i einebustad over fleire etasjar. For Rakel Øyerhamn er valet enkelt.

Publisert

Nær  2.000 sveibuar frå 55 år og eldre fekk i månadsskiftet august-september tilsendt ei undersøking frå Sveio kommune. Der blei dei mellom anna bedne om å svara på spørsmål om bustad, aktivitet, møteplassar og digitale tenester. Svara skal hjelpa kommunen med å planlegga framtidas lokalsamfunn. 

– Eg har ingen planar om å flytta og vil berre bu der eg bur. Så eg har ingen plan om noko anna.

Og ho er ikkje åleine om å vilja bli buande. 549 av 669 svara at dei kan bli buande i noverande bustad dersom helsa blir dårlegare. Av desse meiner 279 at dei kan bu der slik bustaden er no, medan 270 svarar at dei kan bli buande dersom bustaden blir tilpassa.

Må planleggja

Øyerhamn bur i dag i eit hus over to etasjar på Tjernagel. Familien har allereie gjort enkle grep for å gjera det lettare for henne å bu i bustaden. Dei har mellom anna montert rekkverk i trappa mellom etasjane.

– Så lenge eg kan gå, så kan eg jo bu der, seier ho.

Bolig og flytteønsker

Funn Antall Andel av alle svar
Eier egen bolig 620 93 %
Bor i enebolig over flere plan 460 69 %
Kan bli boende som boligen er nå dersom helsen blir dårligere 279 42 %
Kan bli boende dersom boligen tilpasses 270 40 %
Tror ikke de kan bli boende 51 8 %
Vet ikke om de kan bli boende 69 10 %
Kunne tenke seg leilighet ved flytting 359 54 %
Kunne tenke seg å flytte til Sveio sentrum 208 31 %
Sier at flytting ikke er aktuelt 181 27 %

Andelene er beregnet av alle svar.

Men svara i undersøkinga viser ei tydeleg utfordring: Mange ønskjer å klara seg heime, samstundes som bustadane deira kan bli vanskelege å bruka når helsa sviktar.

Agnes Wierdal og Henning Vestvik planla tidleg. Dei kjøpte tomt i Sveio sentrum i 2009 og bygde hus med tanke på å kunna bli buande.

Agnes Wierdal og Henning Vestvik smiler til kamera framfor ein lys vegg.
Agnes Wierdal og Henning Vestvik skalerte ned frå hus til leilegheit for fleire år sidan. – Me er veldig nøgde, fortel Wierdal.

– Me har bygd hus for å kunna bli buande der resten av livet. Me er veldig nøgde, seier Wierdal om korleis løysinga fungerer.

Gerd Jorunn Christensen meiner det å flytta til ein mindre bustad er noko fleire slit med.

– Me er ofte veldig knytte til plassen me bur. Den store terskelen er faktisk å pakka seg ut av eit stort hus. Det er jo eit heilt liv du skal ta stilling til, seier Christensen.

Gerd Jorunn Christensen smiler i ei lys leilegheit iført briller og grøn jakke.
Gerd Jorunn Christensen har allereie teke grep rundt eigen bustad. No bur ho i ein leilegheit i Sveio sentrum.

Sjølv flytta ho inn i ein leilegheit i Sveio sentrum då ho vart åleine for nokre år sidan.

– Eg måtte byggja livet mitt slik at det passa til livssituasjonen min. Mellom anna har eg betre kontroll på kva utgiftene er når eg bur i burettslag, seier ho.

Ikkje førebudd

Talet på innbyggjarar som er 55 år eller eldre, har auka frå 1 542 i 2016 til 1 887 i 2026. Delen har dermed stige frå 27,6 til 32,7 prosent i perioden. Dei neste åra vil delen eldre skyta fart.

– Det korte svaret er nei, seier Anne Berit Rafoss.

Uteområder, informasjon og praktisk hjelp

Funn Antall Andel av alle svar
Mener uteområdene mangler tilrettelegging 299 45 %
Mener uteområdene har noe tilrettelegging 214 32 %
Mener uteområdene er godt tilrettelagt 156 23 %
Synes det er lett å finne informasjon om aktiviteter 486 73 %
Synes det er vanskelig å finne slik informasjon 143 21 %
Finner ikke informasjon noe sted 40 6 %
Ønsker mulighet til å melde behov for praktisk hjelp digitalt 432 65 %
Usikre på om de ønsker en slik digital løsning 171 26 %
Kunne tenke seg å betale for praktisk hjelp formidlet gjennom en slik løsning 359 54 %
Usikre på om de ville betalt 228 34 %

Andelene er beregnet av alle svar.

Ho er prosjektleiar ved Senteret for eit aldersvennleg Noreg. Ho slår fast at kommunane ikkje er godt nok førebudde på at folkesetnaden blir eldre.

– Om ikkje så lenge, er me fleire eldre enn yngre. Heile samfunnsstrukturen blir annleis. Alt me gjer av utvikling av tenester og bustad- og transportløysingar må ha dette i tankane, seier Rafoss.

Rafoss meiner likevel at det ikkje er for seint å gjera noko. Bustadar, transport, møteplassar og uteområde er mellom områda kommunane må planleggja for. Ho meiner både den einskilde og samfunnet må ta ansvar for at folk kan leva gode liv når dei blir eldre.

Anne Berit Rafoss smiler framfor blå stolar i eit auditorium.
Anne Berit Rafoss er prosjektleiar ved Senteret for eit aldersvennleg Noreg. Ho meiner kommunane er dårleg førebudde på auken i talet på eldre.

– Det er ikkje kolsvart, men me er ikkje heilt klare. Det er trass alt me som veit korleis me har det. Me vil vera sjef i eige liv, seier Rafoss.

Peikar på Sveio sentrum

Ordførar André Mundal Haukås seier svara skal gje kommunen eit betre grunnlag for å planleggja for at det blir fleire eldre i kommunen.

– Me er avhengige av å få dei svara for å få laga denne planen, slik at ein veit kva ein skal treffa på, seier han.

Ordførar André Mundal Haukås sit ved eit bord med dokument og ordførarkjede.
Ordførar André Mundal Haukås seier kommunen allereie er i gang med å planleggja for fleire eldre.

Heile 544 av dei som svara, meinte ein bustad med alt på eitt plan var viktig. 208 peika på Sveio sentrum som ein mogleg stad å flytta til. Haukås fortel at kommunen er i dialog med bustadutbyggjarar.

– Me håpar at nokre utbyggjarar hiv seg på, og så skal kommunen vera med på laget der me kan. Det kan vera med på at folk bur lenge heime, men at heimen ikkje nødvendigvis er der du har budd frå du etablerte deg, seier Haukås.

To rosa lappar med handskrivne forslag om seinare buss frå Haugesund til Sveio.
To av forslaga som skal gjera det enklare å bli eldre i Sveio kommune.
Powered by Labrador CMS