nyhende

Bustadprodusentstatistikken viser at det ikkje blir nok bygd nye bustader.

Rapport: Det blir framleis bygd for få nye bustader

Førre månad var den svakaste oktobermånaden for igangsetjing av nye bustader sidan dei månadlege målingane starta i 2010.

Publisert

Det kjem fram av ferske tal frå Boligprodusentenes Forening.

Også salet av nye bustader er lågt. Salet er det nest svakaste oktobersalet som er registrert.

Dei siste tolv månadene blei det selt 13.443 bustader, medan bustadbehovet er berekna til 28.000 i året. Igangsetjinga i oktober var 53 prosent under same månad i fjor.

– Når både salet og igangsetjinga held seg på så låge nivå over tid, veks bustadunderskotet vidare, seier Maria Hoff, konstituert administrerande direktør i Boligprodusentenes Forening, i ei pressemelding.

Ho krev at forhandlingane om nytt statsbudsjett resulterer i konkrete tiltak for å få fart på bustadbygginga.

– Skal fleire få råd til å kjøpe eller leige eigen bustad, må styremaktene gjennomføre tiltak som reduserer byggjekostnadene og gjer fleire bustadsprosjekt lønnsame å byggje, seier Hoff.

Powered by Labrador CMS