nyhende

Statsminister Jonas Gahr Støre og fleire andre Ap-profilar får mest hets på Facebook, viser ei ny undersøking. Rapporten avdekkjer ein stor auke generelt av netthets mot norske politikarar.

Rapport: Kraftig auke i netthets mot norske politikarar

Netthets og åtak mot norske politikarar i sosiale medium har auka kraftig dei siste åra, viser ein ny rapport. Særleg politikarar frå Arbeidarpartiet blir hetsa på nett.

Publisert

Rapporten frå tankesmia Agenda kartlegg over 3,5 millionar kommentarar i kommentarfelta til 76 norske politikarar frå åtte parti. Alle har opne profilar på Facebook. Undersøkinga samanliknar to periodar: 2020–2022 og 2024–2026.

Tala viser at omfanget av åtak aukar, og at det har vorte meir vanleg med både personåtak og partiåtak i kommentarfelta. Undersøkinga viser at det er små forskjellar mellom menn og kvinner når det gjeld åtak og netthets. Alle aldersgrupper ser ein auke i netthets frå den første perioden til den andre, og det er dei over 50 år som får mest kjeft.

Åtak mot Ap aukar mest

Av dei tre største partia er det Arbeidarpartiet som har hatt den klart kraftigaste auken i åtak på Facebook. Talet på åtak i kommentarfeltet til Ap-politikarane steig frå 0,59 prosent i første periode til 2,66 prosent i andre periode – ein auke på 350 prosent, eller meir enn ei firedobling. Blant dei største partia er det også Ap som får mest netthets.

Rapporten peikar på at Ap gjekk frå opposisjon til å leie regjeringa mellom dei to periodane, og meiner det er ei mogleg forklaring på den kraftige auken. Til samanlikning auka talet på åtak for Høgre med 30 prosent, og for Framstegspartiet med 8 prosent.

Talet på åtakskommentarar auka totalt frå 1,5 prosent i første periode til 2,4 prosent i andre periode – ein auke på rundt 60 prosent. Talet på angrep steig frå 27.955 til 41.525, tilsvarande ein auke på nesten 50 prosent.

Talet på åtak auka

I rapporten blir åtak definert som stigmatiserande, nedsetjande, krenkjande, sjikanerande eller truande ytringar.

SV-nestleiar Marian Hussein er blant politikarane som har vorte utsette for mest netthets dei siste åra, ifølgje rapporten.

Omgrepet blir delt inn i tre kategoriar: personåtak mot politikaren sjølv, åtak mot partiet eller partikollegaer, og andre åtak mot andre personar eller grupper i kommentarfeltet.

Netthets er eit samleomgrep for dei to første kategoriane. Talet på åtaka som blir klassifiserte som netthets auka frå 35 til 45 prosent mellom dei to periodane i undersøkinga.

Frå Frp til Ap

I den første perioden av undersøkinga (2022-2024) er fire av dei fem politikarane med størst del åtak frå Framstegspartiet. Per-Willy Amundsen toppar lista med 4,5 prosent del av alle åtaka, med Une Bastholm frå MDG på andreplass. Deretter følgjer Frp-arane Morten Wold, Sylvi Listhaug og Marius A. Nilsen.

I andre periode av undersøkinga (2024 - 2026) er situasjonen ein annan. Då er fire av dei fem politikarane med flest åtak frå Arbeidarpartiet. Denne endringa kan også ha samanheng med at partiet overtok regjeringsmakta åleine i 2025, og dermed er lagleg stilt for hogg. Mani Hussaini i Ap toppar lista, følgt av SV-politikaren Marian Hussein.

Per-Willy Amundsen i Frp er ifølgje undersøkinga den politikaren som fekk mest netthets mellom 2022 og 2024.

Sistnemnde offentleggjorde tidlegare denne månaden at ho ikkje vil stille til attval som SV-nestleiar neste år, hovudsakleg på grunn av hets og hatytringar.

Etter Hussaini og Hussein følgjer dei tre Ap-politikarane Torbjørn Vereide, Jan-Christian Vestre og Terje Aasland.

Statsminister Jonas Gahr Støre kjem heilt ned på 13.-plass når det gjeld del åtak i den siste perioden, men målt i reint tal troner statsministeren øvst, med 7.421 angrep, tett følgd av Frp-leiar Sylvi Listhaug (7.390), og partikollegaen hennar Erlend Wiborg (3.123).

Innvandring øvst

Innlegg om innvandring og integrering er på topp blant saksfelt som blir mest angripne i kommentarfelta. Dette temaet er nesten tre gonger så overrepresentert blant innlegga som er skrivne med tøffast språkbruk, samanlikna med den generelle temafordelinga.

Deretter følgjer forsvar og tryggleik; justis- og kriminalitet; energi og likestilling, kjønn og legning.

Uroa for rekrutteringa

Rapporten, som er utarbeidd for tankesmia Agenda av analyseselskapet Analyse & Tall, åtvarar om at det stadig hardare debattklimaet truar rekrutteringa til politikken.

– Eit sunt demokrati kviler på ein fri, open og inkluderande debatt, der alle kan delta, heiter det i forordet til rapporten.

Powered by Labrador CMS