nyhende

Over halvparten av jobbane innan olje og gass kan forsvinne innan 2050 dersom bransjen ikkje omstiller seg raskt nok. Bilete frå Ekofisk-feltet i Nordsjøen.

Rapport: Over halv­parten av olje­jobbane kan for­svinne innan 2050

Sjølv med den mest optimistiske utviklinga på norsk sokkel vil over halvparten av dagens petroleumsrelaterte arbeidsplassar vere borte i 2050 dersom dei ikkje omstiller seg til andre marknader, ifølgje ein fersk rapport.

Publisert

I 2025 gav petroleumsverksemda på norsk sokkel grunnlag for 215.850 sysselsette i Noreg. Det svarer til 7,4 prosent av alle sysselsette i landet.

Det kjem fram i ein rapport om ringverknader av petroleumsverksemda i 2025 frå Econ Intel. Rapporten er laga på oppdrag frå Energidepartementet i samarbeid med SSB.

Anslaget til sokkeldirektoratet for aktiviteten framover vil medføre at det vil vere grunnlag for 178.000 tilsette i 2030 og 93.000 tilsette i 2050. Det er det mest optimistiske scenarioet i rapporten.

Sysselsetjinga er i dag aller størst på Vestlandet. Rogaland står for 85.300 sysselsette og Vestland for 40.850. I Rogaland jobbar over ein tredel av næringslivet i oljebransjen.

Omstilling

Ein del av fallet mot 2050 blir teke av naturleg pensjonsavgang og produktivitetsvekst, altså at kvar tilsett produserer meir. Fram mot 2030 oppstår det derimot eit akutt behov for oppseiingar dersom bedriftene ikkje finn nye marknader.

Rapporten understrekar likevel at det faktiske forløpet mest sannsynleg vil avvike frå prognosane.

– Leverandørindustrien har vist at han kan tilpasse seg raskt i begge retningar, heiter det i rapporten.

Det viktigaste næringa kan gjere for å unngå ei kraftig nedbemanning, er omstilling til andre marknader. Dette er allereie i gang med tusenvis av tilsette som leverer til fleire marknader som til dømes petroleum og havvind.

– Eit stort skifte

Norwegian Energy Partners (NORWEP) er ei stifting grunnlagd og finansiert av den norske regjeringa og energibransjen, med oppdrag å støtte internasjonaliseringa av norske leverandørbedrifter. Dei peikar på at eksporten i industrien har vakse 11,8 prosent hittil i år, medan omsetninga heime fall 2,6 prosent.

Ann Christin Andersen, administrerande direktør i Norwegian Energy Partners (NORWEP) meiner at bransjen må strekkje seg meir mot internasjonale marknader.

– Akkurat no ser vi eit stort skifte: Heimemarknaden har vore motoren i tre år med kraftig vekst. No er det eksporten som held aktiviteten oppe, og den rolla blir berre viktigare framover, seier direktør Ann Christin Andersen i NORWEP.

Ho peikar på at samtidig som at sysselsetjinga har snudd i heimemarknaden, så går eksporten mot eit nytt rekordår. Det understrekar kor viktig internasjonale marknader blir om ein skal behalde arbeidsplassar, kompetanse og sterke leverandørmiljø.

– Noreg har brukt fleire tiår på å byggje opp ein leverandørindustri i verdsklasse. Utfordringa no er å sørgje for at kompetansen ikkje forsvinn når aktiviteten heime fell, men blir brukt til å vinne nye oppdrag internasjonalt, seier Andersen.

– Skal vi sikre jobbane heime, må vi lykkast ute.

Powered by Labrador CMS