nyhende
Reidun og katten Corona set kurs for Karibia
I det gamle butikklokalet ved sjøen i Eltravåg er veggane pryda med maritime skattar. Ute ved kaien ligg ein 40 fots katamaran klar til avreise. Denne veka kastar Reidun Berland loss og legg ut på eit års langt eventyr til sjøs.
For to år sidan flytta Reidun Berland til Eltravåg. Då hadde ho eitt viktig krav til den nye bustaden: Det måtte vera plass til seglbåten.
Huset ligg heilt i sjøkanten og har ei lang historie. Her har det tidlegare vore både butikk og ferjekai.
Ferjesambandet til og frå Eltravåg blei nedlagt i 1957. Butikken blei nedlagt på 1970-tallet då momsen blei innført, fortel Reidun, som har samla seg litt kunnskap om lokalhistoria på den nye heimplassen.
Dei siste to åra har Reidun lagt ned eit omfattande arbeid med oppussing. Gamle tømmerveggar er tekne fram att, og eit påbygg gjer at delar av det opphavlege taket igjen kjem til syne. Inne i stova er den gamle døra til naustet blitt ein del av interiøret.
I første etasje ser ein framleis spor etter butikkdrifta. I golvet er det slitasje etter kundane som ein gong stod framfor kassa. Også dei tidlegare eigarane hadde interesse for gamle gjenstandar, og i dag er første etasje prega av maritime artiklar.
Sjølv bur Reidun her saman med katten Corona.
Frå gard til styrhus
Reidun kjem opphavleg frå Matre i Kvinnherad. Ho vaks opp på gard og dreiv sjølv gard i mange år medan ho arbeidde ved Baroniet Rosendal.
Etter ei skilsmisse for mange år sidan tok livet ei ny retning.
– Eg bestemte meg for å ta ei utdanning som interesserte meg.
Frå før av hadde Reidun starta på kokkelinja. Ho fullførte denne, tok påbygg, sommarkurs i matematikk og fysikk etterfølgt med tre år på nautikkutdanning ved Høgskulen i Haugesund. Heretter følgde to år som kadett og jobb i Solstad-reiarlag. Det siste året har ho seilt for Rødne Trafikk på hurtigbåt som køyrer turister i Bergen og Stavanger området.
Henta båten i Karibia
For fire år sidan kjøpte Reidun den 40 fot lange katamaranen som ligg utføre stovevindauget. Det var berre det at båten var i Karibia, og ho måtte sjølv segle båten heim. Reidun samla saman mannskap og turen over Atlanteren gjekk i fleire etappar. Første segla ho saman med fire andre frå Karibia til Azorane.
– Me hadde fint vêr lenge. Men fem døgn før me kom fram til Azorene, kom det uvêr. Eg anslår at det er var mellom 8-10 meter høge bølger. Me endra kurs og segla 12 timar sørover for å koma oss ut av uvêret.
Då oppdaga dei at storseglet hadde kome bort i vantet og hadde fått skadar. Det blei hol i seglet.
– Medseglaren min heldt meg fast medan eg sto på taket og sydde seglet. Så tok me spiler frå lazy bag en, kutta dei til og fekk reparert det. Båten er godt utstyrt med naudsynt verktøy om bord.
Frå Azorane til Irland var ein krevjande etappe. Reidun fortel at ho hadde ein person med seg om bord, og at dei gjekk vaktskift gjennom heile overfarten.
– I ni døgn gjekk me kontinuerleg vaktskift med fire timar på og fire timar av.
Då dei ankom Irland gjekk medseglaren i land og Reidun etterlyste nytt mannskap.
– Mange meldte seg, mellom anna far min på 88 år. Eg valde å vente til dottera mi og familien hennar fekk ferie. Eg lot båten liggje seks veker i hamna i Dublin, medan eg reiste på ein offshoretur. Då dottera mi og familien kom, fekk me ein flott tur saman gjennom Caledoniakanalen, der me passerte 29 sluser og seilte tvers gjennom, Skottland.
Gran Canaria før jul
No ventar eit nytt kapittel. Denne veka forlet «Plan B» hamna i Eltravåg.
Første stopp er Danmark, så retning Kiel. Deretter går turen gjennom kanalane i Nederland langs den såkalla ståande mastruta.
– Det blir spennande å sjå om me kjem gjennom alle slusene. Båten er brei, og på nokre stader har me berre 40 centimeter å gå på.
Målet er å nå Gran Canaria før jul. Derifrå håpar ho å krysse Atlanteren og segle vidare til Karibia. Men her er ingen ting fastspikra, seglasen blir til undervegs, og eit godt alternativ kan også være Middelhavet.
Mannskap på dei lange etappane
På kortare turar seglar Reidun ofte åleine, men på dei lange etappane vil ho ha mannskap om bord. Dottera med familie blir med til Kiel, og vidare gjennom Nederland får ho selskap av fleire venner, men ønskjer gjerne meir mannskap undervegs.
– Kva er kriteria for å bli med som mannskap?
– Du må høyra godt etter, være lærevillig, ha godt humør. Ellers er det viktigaste å vera innstilt på ein kjekk tur, og at ein kan bidra med nattevakter. Men dei fleste som melder seg til å bli med har jo ofte ei interesse for sjøliv og båt, seier Reidun, som sjølv har vore mannskap med på fleire seglasar, som blant anna Atlantic Rally for Cruiser-regatta.
Katten Corona blir med
Katten Corona er vaksinert, chippa og klar til å bli med. Om bord har katten sitt eige toalett og faste rutinar. Når dei ligg i hamn, får Corona utforske omgjevnadane med line.
– Når det bråkar mykje, set han seg gjerne under stolen min, fortel Reidun.
Dei som vil følgja reisa, kan gjera det gjennom Instagram-kontoen Sailing My Plan B.