nyhende

Norsk lokalmat og -drikke set ny rekord for omsetning.

Rekordår for lokalmat og -drikke

Omsetninga gjekk opp med meir enn 10 prosent frå i fjor til i år.

Publisert Sist oppdatert
Landbruks- og matminister Nils Kristen Sandtrøen (Ap) meiner det er viktig å ta vare på lokale mattradisjonar.

– Lokalmat og -drikke skapar arbeidsplassar og verdiar over heile landet. Bak tala står bønder og matprodusentar som brukar lokale råvarer, tar vare på mattradisjonar og utviklar nye produkt. Det er gledeleg å sjå at dette arbeidet gir resultat, seier landbruks- og matminister Nils Kristen Sandtrøen (Ap) i ei pressemelding frå Stiftelsen Norsk Mat.

Omsetninga av lokalmat og -drikke har sett ny rekord i 2026, med 14,8 milliardar kroner. Det er rundt 1,4 milliardar kroner meir enn året før, ein auke på 10,5 prosent.

Fleire vel lokalt i butikkhylla

Daglegvarebutikkane selde lokal mat og drikke for nær sju milliardar kroner.

– Skal lokalmatmarknaden halde fram med å vakse, må produkta nå fram til fleire kundar. Butikkar, restaurantar og offentlege innkjøparar har alle ei viktig rolle, seier Sandtrøen.

Han håpar dei nye tala inspirerer fleire til å gi lokale mat- og drikkeprodusentar ein plass i sortimentet og på menyen.

Også restaurantar, hotell og kantiner er viktige kundar for lokalmatprodusentane. Samla omsetning i storhushaldningsmarknaden og ved direktesal nærma seg åtte milliardar kroner i 2025–2026.

– Når fleire innkjøparar vel lokalmat, gir det produsentane ein større marknad og fleire gjester høve til å oppdage fleire norske smaker, seier administrerande direktør Anne Mette Johnsen i Stiftelsen Norsk Mat.

Powered by Labrador CMS