nyhende
Rydda minnelunden ved Sveio kyrkje
Eit innlegg på Facebook onsdag kveld, fekk Dagfinn Fagerland Bjørge til å kalla inn til spontan dugnad torsdag føremiddag.
«Kunne ofte tenkt meg å sette meg ned i minnelunden på kjerkegården etter jeg har besøkt gravstedet til min kone, men det er ikke mulig. Benkene er mosegrodde og den fine minnelunden er overgrodd. Er det ingen som har ansvaret for vedlikeholdet her.»
– Dette løyser me på dugnad
Denne meldinga la Torleif Bjelland ut på Facebooksida «Kva skjer i Sveio» onsdag kveld saman med bilde av dei mosegrodde benkane. 45 minuttar seinare kom følgande kommentar frå Dagfinn Fagerland Bjørge:
«Dette løyser me på dugnad. Eg møter opp 10.30. Me skrape og vaske dei ned. Vonleg kjem det ein eller to til som blir med meg.»
Skraping, spyling og klipping
10.30 torsdag fekk Dagfinn selskap av Johannes Flatnes og André Mundal Haukås.
– Eg vaks opp i ei bygd med stor dugnadsånd, og den står fortsatt sterkt i Auklandshamn i dag. Er det noko som bør gjerast, få det gjort så snart som mogeleg. Så då eg såg meldinga til Torleif fann eg ut at det var betre å trø til i staden for å klaga, seier Dagfinn.
Karane gjekk laus på både mosegrodde benker og området rundt den fine minnelunden ved Sveio kyrkje. Sidan benkene er av lerk, skal dei ikkje behandlast, så dei blei skrapa og spylt. Frå piltrea som både pyntar og gir skugge, blei lågthengande greiner fjerna, og minneringen i betong med ulike sitat på blei spylt.
Då Vestavind stakk innom var det tid for ein liten pause og prat. Med kaffi og jordbær servert av ordføraren, som for tida har ferie.
Alt kan ikkje gjerast på dugnad
– Dette er kjekt arbeid å gjera, og me kosar oss medan me jobbar. Ein mindre jobb som dette kan godt gjerast på dugnad, men det er ein heil del anna som dei som er ansvarlege for kyrkjegardane ikkje kan overlata til dugnadsinnsats, meiner Johannes.
Dagfinn fortel at det er 14 kyrkjegardar i Sveio. Og at låg bemanning er ein av grunnane til at dei som har ansvaret ikkje rekk alt dei burde. Det manglar mellom anna ein tilsett i 60 prosent stilling.
Minnelunden ligg i eit hjørne av kyrkjegarden, og er ein fin plass å setta seg for ei roleg stund. Her er det eit område til nedsetting av umerka urner, og på minneringen rundt er det veldig god plass til namneskilt. Sjølv om talet på bisettingar og kremering aukar, er det ingen som har tatt i bruk dette tilbodet enno.
Nøgd med arbeidet
– Eg fekk faktisk telefon seinast i dag med spørsmål om kortid me skulle få minnelund ved Sveio kyrkje slik dei har på Eikeland og i Førde. Då kunne eg svara at minnelund har me hatt ei god stund, fortel ordføraren.
Torleif Bjelland kjem bortom og er nøgd med at det blir gjort noko. Han foreslår at dei ikkje treng gjer alt i dag, men kan ta ei økt i morgon.
– Me gjer oss ferdige i dag, får han til svar frå dugnadskarane, som går i gong med neste økt.