nyhende
Rydding av havbotnen er heilt nødvendig
Tapte fiskereiskapar på havbotnen blir dødsfeller for livet i havet. Det hadde vorte katastrofalt på få år utan ein årleg ryddeaksjon, seier Fiskeridirektoratet til NRK.
Fleire tusen garn og teiner og mange kilometer med tau er henta opp frå havbotnen denne hausten.
I nesten to månader har Fiskeridirektoratet jobba for å rydde tapte fiskereiskapar frå havbotnen, i det årlege opprenskingstoktet deira.
– Hadde vi stoppa dette, hadde det sannsynlegvis betydd veldig lite på kort sikt, seier seniorrådgjevar i Fiskeridirektoratet Gjermund Langedal til NRK.
Han var toktleiar i år, som han har vore i drøyt ti år.
22.500 krabber
– Etter nokre år ville det derimot blitt ei katastrofal utvikling, seier han.
Reiskapane som blir mista på botnen, ville fanga meir enn berre fisk. Dei ville fungert som feller også for dei neste fiskebåtane som kom til feltet med sine reiskapar.
Dermed ville tapa ha skote fart.
I teiner og garn som vart henta opp, var det til saman omtrent 22.500 krabber. I tillegg var ulike fisk, niser og ein handfull selar og knølkvalar gått seg fast i fiskereiskapar på botnen og drukna.
Kan få tilbake millionar
Fiskarane må sjølv melde frå om tapt utstyr. Det gjer dei aller fleste, ifølgje Langedal.
– Det viser at fiskarane har tillit til systemet. EU har den same forskrifta, men fiskarane bruker ikkje systemet i det heile teke. For der er det inga opprydding.
Direktoratet prøver så langt det lar seg gjere å levere tilbake brukbart utstyr til eigarane, og i år er fiskereiskapar verde fleire millionar kroner leverte tilbake til fiskarar.