– Saknar ein ny sykkelpark
Denne våren har Dani Lukas Grunnevåg vore i arbeidspraksis i Vestavind. Han skal prøva seg på forskjellig, mellom anna «Hei, sveibu». Denne gongen har han snakka med Magnus Halleraker.
– Kva gjer du til dagleg?
– Eg spelar fotball og er med venner.
– Kva er det beste med å vera sveibu?
– Mange fine turar å gå.
– Er det noko du saknar i Sveio?
– Ein ny sykkelpark.
– Kva er dit beste Sveio-minne?
– Å starta på ungdomsskolen.
Annonse
– Kven vil du framsnakke i Sveio, og kvifor?
– Kristina Våge Ballard fordi ho skil seg ut frå dei andre lærarane.