nyhende
Saknar eit kinotilbod i Sveio
Vekas hei, sveibu er glad i både ørn og ordføraren.
– Kva gjer du til dagleg?
– Eg er lærar på Haugaland vidaregåande skule.
– Kva er det beste med å vera sveibu?
– At det er så roleg, fredeleg og stille. I alle fall der eg bur.
– Er det noko du saknar i Sveio?
– Eit kinotilbod.
– Kva er ditt beste Sveio-minne?
Annonse
– Å sjå ei ørn fly forbi meg.
– Kven i Sveio vil du framsnakka, og kvifor?
– Ordførar André Mundal Haukås fordi han er ein ekstremt god ambassadør for Sveio og jobbar hardt.