nyhende

Sofie Eriksen Lier og Olivia Valen delte leiaransvaret for fylkesleiren på Tittelsnes fort. Dei to var også leirsjefar for arrangementet.

Samla over 100 ungdomar på Tittels­nes fort

Det var Sisu 4H som stod som vertskap då i overkant av 100 ungdomar frå 18 ulike 4H-klubbar i Hordaland 4H samla seg til fylkesleir på Tittelsnes fort. 

Publisert

Leirsjefane Olivia Valen og Sofie Eriksen Lier hadde ansvaret for arrangementet saman med lokale frivillige og Hordaland 4H. 

Leirområdet var fylt med telt i alle fargar, medan nokre lokalkjende deltakarar også hadde valt å overnatta i hengekøyer. Litt utanfor det største teltområdet hadde ein gjeng gutar frå Sisu 4H rigga til sin eigen camp med hengekøyer i furutrea med flott utsikt over Bømlafjorden.

– Me har hatt det veldig kjekt, fortalde gutane etter at dei tidlegare på dagen hadde prøvd seg på skyting på Førde skytebane.

Historisk opning

Leiren vart offisielt opna fredag. Då inviterte Olivia Valen og Sofie Eriksen Lier både deltakarane og ordførar André Mundal Haukås med på ei guida omvising på Tittelsnes fort.

På opningsdagen inviterte Sisu 4H deltakarar og ordførar André Mundal Haukås med på ei guida omvising på Tittelsnes fort. Her fortalde dei om historia til festningsområdet og livet på Tittelsnes under krigen. Her står Oliva Valen framfor den siste delen som høyrer til den såkalla Blåbunkersen.

Under turen fortalde dei om historia til festningsområdet, dei ulike bunkersane og korleis livet var på Tittelsnes under krigen. Kunnskapen hadde dei samla året før gjennom eit samfunnsfagprosjekt om fortet.

– Me brukte internett til å finne informasjon og så snakka me med fleire personar i bygda som kjenner historia godt, fortel Olivia.

Aktivitetar for alle

Laurdagen var den store aktivitetsdagen. Deltakarane kunne velja mellom ei rekkje aktivitetar, mellom anna kajakkpadling, fisking, volleyball, fotball, måling og matlaging på bål.


Ei gruppe tok blant anna turen til Trodlavassnipen, høgste toppen i Sveio. Klubbrådgjevar Monica Vandaskog Valen fortel at målet var å kunne utføre mest mogeleg aktivitetar i nærområdet. Sjølv stod ho og mora hennar for aktiviteten tradisjonell bakst med blant anna lefsebaking.  Ferske nysmurte lefser vart seinare serverte til deltakarane på leiren.

Om kveldane samla alumniklubben ungdomane til miljøtorg med musikk, disco og matservering.

Ros til arrangøren

Leiar i Hordaland 4H, Turid Herland, er imponert over innsatsen til arrangørklubben.

– Sisu 4H har gjort ein veldig god jobb med å laga til ein flott leir på Tittelsnes fort. Området gjer at leiren blir intim og inkluderande, samstundes som det er sett i gang mange aktivitetar som passar for alle, seier ho.

Leiar i Hordaland 4H, Turid Herland, rosar arrangørane i Sisu 4H for ein vellukka fylkesleir på Tittelsnes fort.

I dag er det 35 4H-klubbar i Hordaland. På fylkesleiren var 18 av desse representerte. Sisu 4H stilte sjølv med 18 deltakarar, medan det også kom ungdomar frå mellom anna Voss, bergensområdet og fleire andre delar av fylket.

Vertsklubben Sisu 4H held til nord i Sveio og har i dag 37 medlemmer.

Powered by Labrador CMS