nyhende
Samlar Sveio til eitt RO!-rike på Ryvarden
Med Noreg i kvartfinalen i fotball-VM kan ein ikkje la dei større byane ro frå oss. No blir det laga ein ro-film frå heile Sunnhordland. Torsdag er det Sveio sin tur, og Ryvarden er samligsplassen.
Ordørar André Mundal Haukås har stortromma klar og skal halda takten. Filminga startar klokka 18.00. Ordføraren håper mange sveibuar finn vegen til Ryvarden
– Ta på deg landslagstrøye, eller noko raudt, kvitt og blått, og møt opp med godt humør og eit RO-sinn. Ta med familie, vener, kolleger og naboar. Jo fleire, desto betre, oppmodar han.
Destinasjonsselskapet Visit Sunnhordland står bak stuntet, og planen er at i tillegg til Sveio skal Stord, Bømlo, Fitjar, Etne, Tysnes, Kvinnherad og Austevoll vera med. Den ferdige ro-filmen blir forhåpentlegvis vist på alle storskjermar i Sunnhordland før kampstart mot England laurdag i tillegg til sosiale media.
– Kafeen på Ryvarden held ope til ein time etter ro-start, så her kan ein kombinera roing med ein matbit eller noko å drikka, seier Haukås.