nyhende

Ni personar omkom i drukningsulykker i september.

Seks av ni drukningsoffer i september var turistar

Ni personar omkom i drukningsulykker i september, viser Redningsselskapets statistikk. Så langt i år har 66 personar drukna i Noreg.

Publisert

Seks av dei omkomne var utanlandske turistar på besøk i Noreg, skriv Redningsselskapet i ei pressemelding.

– Vi kjenner ikkje alle omstenda i kvar enkelt ulykke, men generelt må vi bli betre til å førebyggje ulykker blant dei som besøkjer Noreg, seier Tanja Krangnes, fagsjef for drukningsførebygging i Redningsselskapet.

Blant septemberdødsfalla omkom fire tsjekkiske fisketuristar etter at ein fritidsbåt kantra utanfor Grip i Averøy kommune.

Ein israelsk mann i tjueåra omkom i ei kajakkulykke i Voss, og éin person omkom under dykking i Narvik.

Krangnes oppmodar også til ekstra varsemd no som haustsesongen er i gang.

– På hausten må du planleggje for at noko kan gå gale. Sjekk vêrmeldinga, bruk flyteplagg, ha høve til å varsle og tenk gjennom korleis du skal komme deg opp i båten igjen, seier ho.

Powered by Labrador CMS