nyhende

Direktør i Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit John-Eivind Velure meiner det er viktig å ha ein plan B når nettet er nede.

Seks av ti er dårleg føre­budde dersom vi mistar inter­nett og mobil­nett lenge

Vi må alle ha ein plan B, meiner direktøren i Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit. Det er likevel mange som ikkje har ein konkret plan dersom mobilnett og internett er nede i ein lengre periode.

Publisert

– Noreg er blant dei mest digitaliserte landa i verda, og vi er vande til at nettet fungerer. Alle bør likevel vere førebudde på at det kan komme lengre periodar der mobilnett og internett ikkje verkar, seier direktør Lars Jacob Hiim i Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) i ei melding til NTB.

Nesten ein tredel av befolkninga meiner at husstanden er godt eller svært godt førebudd på ein situasjon der mobilnett og internett ikkje verkar over lengre tid, ifølgje ei befolkningsundersøking utført av Norstat for DSB.

63 prosent svarte at husstanden er ganske eller svært dårleg førebudd på ein slik situasjon.

– Alle bør vere førebudde på lengre periodar utan mobilnett og internett, seier justis- og beredskapsminister Astri Aas-Hansen (Ap) i ei pressemelding.

– Alle må ha ein plan B

Det er fleire grunnar til at mobilnettet og internettet kan vere nede i ein lengre periode, ifølgje direktøren i DSB. Mellom anna ekstremvêr, uhell eller sabotasje.

– Vi må førebu oss, og vi kan ikkje ta for gitt at vi får ringt, betalt, får informasjon eller får tak i dei vi er glade i. Derfor må alle ha ein plan B, seier direktør John-Eivind Velure i Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit (Nkom).

Batteridriven DAB-radio kan vere lurt for beredskapen, ifølgje NKOM.

47 prosent svarer at dei har tilgang på ein DAB-radio som går på batteri, sveiv eller solceller om nettet er nede i ein lengre periode. Like mange svarer at dei ikkje har tilgang på det.

54 prosent svarer at dei har ein opplada batteribank tilgjengeleg, 41 prosent at dei ikkje har det og 5 prosent at dei ikkje veit.

– Avtal mellom anna kven du kan hjelpe, kven du kan få hjelp av, kva de kan dele av mat og viktige ressursar, og der de møtest dersom de ikkje får kontakt digitalt. Sjekk om dykk bruker ulike mobilnett, kanskje har nokon nett og andre ikkje, seier Aas-Hansen.

Mange veit ikkje kvar dei kan få informasjon frå kommunen

Erfaringar frå krigen i Ukraina har vist kor viktig fysiske møteplassar kan vere når straum og kommunikasjon fell bort over tid, ifølgje Justis- og beredskapsdepartementet.

– Norske kommunar står i ein annan situasjon, men lærdommen er den same: Menneske treng å vite kvar dei kan møtast og få hjelp når dei vanlege løysingane ikkje verkar, seier Aas-Hansen.

Justis- og beredskapsminister Astri Aas-Hansen (Ap) og drektør Lars Jacob Hiim for Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) meiner det er viktig å ha beredskapen på plass om det skjer noko med nettet.

I undersøkinga frå DSB svarte 61 prosent at dei ikkje veit kvar dei kan få informasjon frå kommunen dersom nettet er nede. 29 prosent svarer at dei veit kvar dei kan få informasjon, medan 10 prosent ikkje veit om dei veit.

– Det er kanskje ikkje så rart at ikkje fleire veit om ordninga med oppmøtestader ettersom ho er ganske ny. Uansett må kjennskapen kraftig opp, og dette viser kor viktig det er å snakke om og å øve på beredskap. Det gjer Noreg betre i stand til å handtere ei krise, og skaper tryggleik og styrkjer motstandskrafta lokalt, seier beredskapsministeren.

Eigenberedskapsveka: – Handlar ikkje om at alle skal ha alt åleine

Denne veka er det eigenberedskapsveke i Totalforsvarsåret. Då kjem mange kommunar og frivillige organisasjonar over heile landet til å ha ulike arrangement og informasjonstiltak.

Styresmaktene tilrår at dei aller fleste skal kunne klare seg i éi veke utan hjelp. Tipset for beredskap er klart; få deg ein beredskapsvein.

Nesten alle nordmenn skal klare seg i éi veke utan hjelp, meiner justis- og beredskapsminister Astri Aas-Hansen (Ap). Då er det lurt å ha eit lager

– Eigenberedskap handlar ikkje om at alle skal ha alt åleine. Noko er betre enn ingenting. Start med vatn og varme. Ha rundt 20 liter drikkevatn per person og ein plan for å halde varmen dersom straumen blir borte, seier Aas-Hansen.

Beredskapsministeren understrekar at det er gjort imponerande arbeid så langt av svært mange aktørar gjennom heile Totalforsvarsåret.

– God beredskap blir bygd før krisa oppstår, og den blir bygd best når offentlege styresmakter, næringsliv, frivilligheit og innbyggjarar trekkjer i same retning, seier Aas-Hansen.

Powered by Labrador CMS