nyhende
Seks frå Sveio fekk plakett
4H Hordaland feira ungdom frå heile fylket då dei arrangerte plakettfest laurdag 7. november i Kløvertun på Os.
Plaketten er det synlege beviset på at eit 4H-medlem er ferdig med 4H-programmet. Han eller ho er då 18 år, og har vore aktiv i minst fire til sju år i 4H-klubben sin.
I løpet av desse åra har medlemmane fått godkjent ulike prosjekt, og gjennomført mange aktivitetar, leirar og kurs. Fleire av medlemmane har fått opplæring i styreverv, og vore aktive i sitt klubbstyre eller fylkesstyre.
I år fekk 52 medlemmer plaketten, av dei kom 36 plakettmottakar frå heile fylket saman med familie og venner på festen. Seks av dei som fekk plakett er frå Sveio:
Lid 4H: Linnea Bergesen, Kari Haara Matre, Olav Skarveland og Mads Haugan Våga. Sisu 4H: Jonas Horneland og Tomas Lier.
Erika Nyborg (Hjorten 4H) hadde biledeframsyning og informasjon om USA-utveksling. Astrid Byrkeland Lunestad (Ivrig 4H), som er forelder til ein plakettmottakar, og fylkesstyreleiar Espen Aaserød heldt talar. Den høgtidlege utdelinga av vitnemål og plakettar var det ordførar i Bjørnafjorden kommune, Terje Søviknes, som sto for.