nyhende

Kvinne i raud jakke og Vestavind sin burgundarfarga jubileumscaps.
Har du lyst på Vestavind sin jubileumscaps? Då må du lesa saka under.

Send haust­­bilde og bli med i trekning av jubileums­­capsar

Hausten er her for fullt, og me vil gjerne ha lesarane sine haustbilde. 

Publisert

Me samlar opp bilde gjennom heile oktober, og trekker ut ein del heldige innsendarar som får Vestavind sin jubileumscaps som hentes i våre lokale.

Du kan senda så mange bilde du vil. Motiva er heilt opp til deg sjølv. Me vil sjå hausten gjennom lesarane sine auge. Fjord, fjell, tur og andre aktivitetar ute eller inne. Kanskje er du på hjortejakt eller fiskar hummar?

Når det gjeld det siste skal du sleppa å skriva kvar bildet er tatt om du ikkje vil dela kvar du set teiner. Men ellers gjeld dei vanlege reglane:

Slik gjer du det

  • Send bilde til tips@vestavind.no og skriv haustbilde i emnefeltet.

  • Skriv gjerne litt om kvar, kva og kven som er på bildet. Og sjølvsagt kven som har tatt det.

  • Er det personar på bildet, hugs å spørja den eller dei om det er greit at du sender bildet til Vestavind.

Me i Vestavind ønsker alle ein fin haust!

Lesarane sine haustbilde:

Stille vatn ved Rauneslitjørna med siv, gras, skogkledde åsar og speglingar i overflata.
Dette bildet er tatt ved Rauneslitjørna som er mellom Framnes og Liervatnet.
Powered by Labrador CMS