nyhende

Stille vintervatn ved Mannavatnet med frostkledde tre og gyllent morgonlys.
Kald vintermorgon ved Mannavatnet.

Send vinter­bilde og bli med i trekning av jubileums­­­capsar

Me gjentar suksessen frå oktober og inviterer denne gongen lesarane våre til å senda inn vinterbilde. Alle som sender inn er med i trekning av jubileumscapsar.      

Publisert

Me samlar opp bilde til og med 13. desember, lagar album og trekker ut ein del heldige innsendarar som får Vestavind sin jubileumscaps. Den må hentast i våre lokale i Sveiogata 72, andre etasje.

Kvinne i raud jakke og Vestavind sin burgundarfarga jubileumscaps.
Vestavind sin jubileumscaps kan bli din om du sender inn vinterbilde.

Du kan senda så mange bilde du vil, og motiva er heilt opp til deg sjølv. Me vil sjå vinteren gjennom lesarane sine auge. Rimfrost, gneistrande soldagar, eller regndagar. Fjord, fjell, sjø, tur og andre aktivitetar ute eller inne. Førebuingar til advent og jul til dømes.

Slik gjer du det

  • Send bilde til tips@vestavind.no og skriv vinterbilde i emnefeltet.

  • Skriv gjerne litt om kvar, kva og kven som er på bildet. Og sjølvsagt kven som har tatt det.

  • Er det personar på bildet, hugs å spørja den eller dei om det er greit at du sender bildet til Vestavind.

Powered by Labrador CMS