nyhende

Veterankortesje

Casper Hope Vevik serverte kaffi til alle som ville ha.

Sildaboggi på Ekrene

Lokala til Last Haugesund AS på Ekrene var omringa av veteran­lastebilar laurdag 15. august. Mange hadde tatt turen for å kikka på doningane før dei rulla til Strandgata i Haugesund i anledning Havnedagane.

Publisert

Lastebilverkstaden på Ekrene har sidan 2009 arrangert «Sildaboggi», eit treff for veteranlastebilar og ein møtestad for motorinteresserte. Før lastebilane køyrde i kortesje mot Haugesund var alle samla på næringstomta sør i Sveio. Inne i lokala var det kiosk og god stemning. Ute samla det seg fleire og fleire folk etter kvart som klokka nærma seg 11 og avgang. 

Bilane samla seg igjen i Sveio etter opphaldet i Haugesund kor arrangørane kunne by på lapskaus, «last-boller» og sosialt samvær utover kvelden. Eit svært vellukka arrangement.

Kjell Kristian Saltvedt med lastebilen frå 1964. Under presenningen skjuler det seg ei lita hytte med overnattingsplass til fire.
Kiosksal og sitteplass.
Fleire og fleire publikummarar strøyma til etter som det nærma seg avgang for veteranlastebilkortesja.
To av Last sine eigne veteranlastebilar. Peterbilt-en til venstre, frå 1968, har dei henta frå Amerika.
Arne Marvin Landsverk tok turen frå Haukeli i sin Volvo N10 frå 1989 for å vera med på Sildaboggi.
Ånund Reinsviki har farta rundt på treff heile sommaren i sin Volvo F12 frå 1994.
Sildaboggi 2026.

Alle foto: Kjartan Moe Hustvedt

Powered by Labrador CMS