nyhende
Skal svømma langs heile Norskekysten
6. mai starta det som må vera verdas lengste svømmetur: Heile kysten frå svenskegrensa til grensa mot Russland. Måndag, tysdag og onsdag svømte Knut Ivan Rasmussen forbi Sveio.
Om du såg ein stor og saktegåande katamaran med jolle på slep sigla forbi på Sletta og i Bømlafjorden, så var det «Norwegian Swim Expedition» som passerte.
Ekstremsvømmar Knut Ivan Rasmussen var ikkje lett å sjå, men det er han som gjer den store fysiske og psykiske innsatsen. 3.000 kilometer er svømmeturen frå svenskegrensa til russergrensa. Psykologen og mental coachen har gjort fleire ekstremstunt før. Den lengste svømmeturen så langt gjekk frå Oslo til Bergen. Den var «berre» 700 kilometer.
Startar nøyaktig der han slutta dagen før
Etter endt dagsøkt, blir det merka nøyaktig på GPS-en kvar han slutta å svømma. Der blir han henta med jolle og tatt om bord i moderskipet «Swimming Cat». Så er det til land raskast mogeleg for å få han i ein dusj. Rundt ein halvtime under varmt vatn tar det før han får varmen skikkeleg i seg igjen.
Nettopp mangel på tilgang til dusj på land i Sveio, og samstundes stor nok kaiplass til katamaranen, var årsaka til at han og det frivillige mannskapet valde Langevåg som hamn medan han passerte Sveio.
Gler seg til varm dusj kvar dag
Vestavind fekk ein kjapp prat med Knut Ivan på telefon på veg frå Langevåg til rett utanfor Buavåg der han slutt å svømma kvelden før. På nøyaktig samme punkt som han gjekk opp av sjøen, starta han turen vidare mot Stord.
– Kor lange dagsetapper svømmer du?
– Det kjem heilt an på forholda. Vind, straum og bølger. Den lengste etappen så langt var 20 kilometer. Då klaffa både forhold og kropp. Den kortaste er 1,5 kilometer. Då var motstraumen så sterk at eg måtte gi opp etter ein time.
Då han starta svømmeturen var det 4-5 grader i sjøen. No har det stige til rundt 12 grader. Men sjølv om han svømmer med ei veldig god drakt, blir han småfrosen. Og i tillegg til svømminga, er det er ei stor påkjenning for kroppen å stadig vera nedkjølt i mange timar om dagen.
– Det eg utset meg sjølv for er innanfor, og ikkje heilt ekstremt når det gjeld temperatur. Men eg gler meg til å koma i dusjen kvar dag, seier han.
I si eiga boble
– Kva tenker du på når du svømmer?
– Eg syng ofte songar til meg sjølv i hovudet, tenker på løysingar på ulike ting, som korleis eg kan gjera ting betre når eg svømmer. Alt mogeleg rart eigentleg. Har eg krangla med nokon, er det det som opptar meg. Eller at eg kjem på at eg har gløymt å svara på ei melding. Ein er i si eiga boble, og tankane lever sitt eige liv.
– Når skal du vera framme i Grense Jakobselv?
– Når eg kjem fram. Denne svømmeturen hadde ikkje late seg gjennomføra om eg skulle hatt faste datoar å halda meg til. Det er så mange variablar som avgjer dagane. Ikkje berre min form, vêr, vind, bølger og straumforhold. Til dømes kan det bli landligge på grunn av problem med båten og mangel på mannskap. Det er viktig at det er trygt også for dei som følger meg, seier Knut Ivan.
Over 200 frivillige bidrar
I løpet av heile turen bidrar over 200 frivillige, og det er mykje logistikk som skal gå i hop. Kaptein forbi Sveio var Remi Nygård. Han skal vera sjef på «Swimming Cat» til midten av juli.
– Vår jobb i tillegg til å sørga for at Knut Ivan er trygg når han svømmer, er å ta oss av alt anna slik at han kan konsentrera seg mest mogeleg om seg sjølv og svømminga, seier han.