nyhende

Ekstrasekundet vart sist lagt til i 2016. Illustrasjonsfoto: NTB / NPK

«Skotsekund» kan bli ein time

Sidan 1972 har 27 sekund vorte plussa på klokkene i verda. No vurderer forskarar å endre ordninga for å unngå enorme tekniske problem.

Publisert

Ekstrasekundet vart sist lagt til i 2016. Rotasjonen til jorda er nemleg ikkje heilt jamn, og den koordinerte universaltida i verda (UTC) må tidvis justerast for å kompensere for denne ujamnskapen.

Praksisen er allereie bestemt avskaffa innan 2035, men før den tid møter tidtakarane i verda eit nytt problem. Dei siste åra har jorda byrja å rotere raskare, og det kan snart bli nødvendig å fjerne eitt sekund.

Det har aldri vorte gjort før, og forskarar er redde det kan skape kaos i dei digitale systema i verda.

– Det kan resultere i store teknologiske feil i telekommunikasjon eller elektriske nettverk eller satellittnavigasjon, seier Setnam Shemar, sjefsforskar ved National Physical Laboratory, som har ansvar for alt klokkerelatert i Storbritannia, til Financial Times.

Problem for framtida

Mellom tysdag og torsdag denne veka skal forskarar stemme over om «skotsekundet» skal erstattast av ein «skottime». Det inneber at vi først kompenserer for dei ekstra sekunda når 3600 av dei har passert, noko som kan ta eit tusenår.

Om dei tekniske systema då toler ein ekstra time, blir i så fall ikkje vårt problem. Den føreslåtte løysinga dyttar problemet langt inn i framtida – men representerer også eit brot med fortida.

Samstundes må tida kompenserast for på eitt eller anna tidspunkt. Om ikkje kan klokka vise midnatt midt på dagen om fleire tusen år.

9.192.631.770

Shemar trur uansett ikkje at «skottimen» nokon gong kjem til å bli implementert «fordi livet vil vere så forskjellig på jorda tusen år frå no», seier han ifølgje The Telegraph.

Eitt sekund var tidlegare definert som ein 86.400-del av tida det tek sola å nå same punkt på himmelen frå ein dag til ein annan.

I 1967 vart eitt sekund i staden knytt til cesiumisotopen 133-cs. Eitt sekund har sidan det vore definert som tida det tek for isotopen å vibrere 9.192.631.770 gonger. Med endringar i rotasjonen til jorda må atomklokka tidvis stillast for å halde tritt med den astronomiske tida.

Powered by Labrador CMS