nyhende

Noreg er framleis heilt avhengig av norske legar utdanna i utlandet. Illustrasjonsfoto: Gorm Kallestad / NTB / NPK

Skyhøg studie­gjeld for medisins­tudentar i utlandet

Trass i fleire studieplassar her heime, reiser like mange til utlandet for å studere medisin. Det kan ende med ei studiegjeld på opp til 1,5 millionar kroner.

Publisert
Noreg er framleis heilt avhengig av norske legar utdanna i utlandet. Illustrasjonsfoto: Gorm Kallestad / NTB / NPK

Dette går fram av ein fersk rapport frå Lånekassa, ifølgje utdanningsmagasinet Khrono.

Det norske helsestellet er framleis avhengig av folk som studerer i andre land og kjem tilbake til Noreg for å jobbe.

Rapporten viser store skilnader i studiegjelda, avhengig av kvar folk studerer.

Blant dei som fullførte medisinstudiar i Noreg i perioden 2021–2023, var mediangjelda på rundt 430.000 kroner. Blant utanlandsstudentar var gjelda på i overkant av 810.000 kroner, og nokre stader endå høgare.

For dei som hadde studert i Ungarn var gjelda på over ein million kroner, i Tsjekkia 880.000 og Polen 830.000 kroner. For dei som studerte i Latvia og Slovakia var gjelda i snitt på 790.000 og 760.000 kroner.

Ein stor del av legane i Noreg er utdanna i utlandet. Rundt ein tredel av 33.000 yrkesaktive legar her i landet er norske statsborgarar utdanna i andre land. Totalt er nesten halvparten av legane i Noreg utdanna i andre land.

I 2019 tilrådde Grimstad-utvalet at 80 prosent av legane som trengst i Noreg, skulle utdannast her i landet. Målet var 440 ekstra studieplassar til totalt 1076, men dette målet er ikkje nådd. I dag er det 871 studieplassar for medisin i Noreg.

Powered by Labrador CMS