nyhende
Slektstreff samla over 200 personar
For første gong sidan 1999 var etterkomarane etter Berta Engeline og Mikkel Kristian Møller Hovda samla til eit stort slektstreff. Med deltakarar frå spedbarnsalderen til over 90 år vart det ei helg fylt med lokalhistorie, musikk og rørande gjensyn.
Sjølve hovuddagen var laurdag 29. august, men feiringa tjuvstarta allereie fredag kveld. Då ønskte Alf Edvin Hovda gjestene velkomne til Kulturell pub i Gullsjøhuset i Buavåg.
Der fekk dei eit djupdykk i lokalhistoria frå den vestre delen av Sveio, Buavåg og Hovda. Lysbileta på veggen fortalde også om tida då det var gullgruvedrift på Hovda i Sveio.
– Ein gullklump som dei fann i 1873, vog 387 gram. Dei fekk 900 kroner for han, fortalde Alf Edvin Hovda.
Han la til at dette svarar til om lag ein halv million kroner i dag. Eit besøk i dei gamle gullgruvene stod også på programmet for helga.
Forsamlinga fekk blant anna høyre historia om Olga Hovda. Ho dreiv den aller første butikken i Buavåg og kjøpte seinare både hus og butikk i Eltravåg heilt åleine. Olga selde egg i trekassar og samarbeidde godt med skipsreiar Smedsvik.
Alf Edvin Hovda viste mellom anna fram ei gammal, handskriven hovudbok frå butikken. Han fortalde også om ein plakat som hang i butikken i samband med folkerøystinga om unionsoppløysinga i 1905.
Kom frå tre verdsdelar
Fleire i Hovda-slekta har gjennom tidene utvandra til ulike delar av verda. For mange var dette første gongen dei møtte slektningar dei tidlegare berre hadde høyrt om. Folk frå tre verdsdelar var representerte under slektstreffet.
Ein av dei som hadde reist langt, var Richard Sandler. Han hadde teke turen heilt frå Portugal for å delta. Her fekk han møta syskenbarnet sitt, Anna Aase. Sandler bur framleis i barndomsheimen sin i New Jersey, og mor hans, Margot, er no 93 år gammal.
– Olga Hovda var den andre kona til bestefaren min, Ole Andreas Aase. Han og bestemor Olga fekk tre born: far min Arne Oliver, bror hans Bjarne og syster deira Margot. Borna til Olga reiste til Amerika i 1960-åra, fortalde Anna Aase.
Ho kunne vise fram gamle fotografi av slektningane som reiste til Amerika, og dei som vart verande igjen. Aase vart sjølv fødd i New Jersey og flytta til Noreg som 15-åring.
207 slektningar til bords
Laurdag samla 207 Hovda-slektningar seg ved gravplassen på Nordskog. Der vart det lagt ned krans, og fleire heldt talar. Etterpå gjekk turen til familiegarden på Hovda, der deltakarane fekk høyra historier frå garden.
– Det var veldig kjekt å møte folk som eg berre hadde høyrt namna på. No får eg også ansikt på namna. Det er dessutan kjekt å høyra historiar frå då dei besøkte garden før mi tid, seier Lars Oddvin Hovda.
Han fortel at Hovda-folket, så langt han kjenner til, har drive garden i nærare 300 år.
– Garden har sikkert vore driven lenger enn dette, men det er så langt tilbake me med sikkerheit kan dokumentere drifta, forklarer han.
Siste gongen Hovda-slekta arrangerte slektstreff, var i 1999. Nokre av gjestene tok òg turen til dei gamle gullgruvene, som var i drift mot slutten av 1800-talet.
Etterpå heldt festen fram med fotografering og fint dekte bord i Sveio soknehus. Der vart det mellom anna servert tapasbuffé.
– Eg har aldri før opplevd å ha 207 nære og fjerne slektningar til bords. Mange fekk seg nok ei aha-oppleving under treffet, seier Alf Edvin Hovda.