nyhende

Til abonnentane våre:

Hand som held ein mobiltelefon med ei lokalavisa Vestavind open på skjermen i eit kontorlokale.
Vestavind har fornya seg med både ny nettavis og nytt abonnementssystem.

Slik loggar du inn

No loggar du inn med e-post og eingongskode, eller du kan setja ditt eige passord. Du får òg tilgang til familiedeling.

Publisert Sist oppdatert

Steg for steg:

  1. Gå til vestavind.no og trykk på  «Logg inn» øvst i menyen.

  2. Skriv inn e-postadressa som abonnementet ditt er registrert på, eller som du har fått tilgang til via familiedeling. (NB: E-postadressa di må vere registrert i systemet vårt.)

  3. Du kan anten velje å logga inn med eingongskode som du får på e-post, eller du kan logga inn med passord. Har du ikkje logga inn med passord før, kan du velje «Har du glemt passordet?».

  4. Merk at du óg må logga deg inn for å lesa e-avisa.

Treng du hjelp til å logga inn, setje eige passord eller leggje til fleire i familiedeling?

  • Kom innom i kontortida vår i Sveiogata 72.

  • Ring tlf. 53 74 01 80.

  • Send e-post.

No kan du logga deg inn med e-post og eingongskode, eller du kan velja ditt eige passord. NB! Du må ha e-postadressa di registrert i systemet vårt for å kunna logga deg inn. Er du usikker – ta kontakt! Merk òg at koden på e-post kjem frå abonnementsleverandøren vår, Sesamy. Logg deg inn her. 

Kode på e-post

No kan du logga deg inn med e-post og skriva inn koden du får tilsend. Når du har logga deg inn, vil du vanlegvis halda deg innlogga så lenge du er aktiv på nettavisa innan 14 dagar. Merk at du òg må logga deg inn for å lesa e-avisa.

Set ditt eige passord

Det er òg mogleg å laga sitt eige passord. Når du har skrive inn e-posten din, kan du anten velja å skriva inn eingongskoden som kjem på e-post, eller du kan trykkja på «Logg inn med passord». Dersom du ikkje har passord, trykkjer du på «Har du gløymt passordet?» for å laga eige passord. Du kan òg ta kontakt med Vestavind for å få hjelp til å setja passord.

1. Etter at du har skrive inn e-postadressa di, vel du «Logg inn med passord».
2. Deretter vel du «Har du glemt passordet?». Då får du ein kode på e-post som du må leggje inn, og kan opprette ditt eige passord.

Familiedeling

Det som er nytt i dette systemet, er at du kan leggja til fleire brukarar som bur på same adresse, og som då får eiga innlogging med e-post. Eigaren av abonnementet kan leggja til to ekstra personar som bur i same husstand. Me gjer merksam på at abonnementet ikkje skal delast med andre enn dei som bur i same husstand på same adresse.

Dersom ein deler tilgang med andre enn husstanden, eller på andre måtar utnyttar Vestavind sine tenester, har avisa straks høve til å stengja abonnenten sin tilgang til desse. Abonnenten vil då mista tilgangsretten til dei produkta og tenestene ein måtte ha kjøpt tidlegare.

Leggja til fleire brukarar

For å leggja til fleire i familien går du til «Min konto» og trykkjer på abonnementet ditt som er aktivt. Der kan du trykkja på «Administrer brukere» og leggja inn e-postadressa til ein person i husstanden. Då får brukaren eiga innlogging via e-post. Får du ikkje til dette sjølv, kan du også senda oss ein e-post med namnet på eigaren av abonnementet og e-postadressa du vil leggja til. 

1. På datamaskin: Trykk på brukaren din øvst i menyen og vel «Min konto».
2. Trykk deg inn på abonnementet du har aktivt.


3. Trykk på «Administrer brukarar».
4. Der kan du legge inn e-postadressa til den du vil dele abonnementet med.
Når du bruker Facebook-appen, blir du automatisk logga ut av nettavisa. Bruk nettlesaren på mobilen for å unngå dette. Trykk på knappen med tre prikkar (…) og vel «Opna i ekstern nettlesar».

Må du logga inn på nytt heile tida? 

Merk at Facebook ikkje vil hugsa innlogginga di. For best mogleg oppleving tilrår me å bruka ein vanleg nettlesar, helst Google Chrome. Du kan også opne saka i Facebook og velja å opna saka i ein ekstern nettlesar. På iPhone trykkjer du på lenkja, deretter på dei tre prikkane øvst til høgre (...) og vel «Åpne i ekstern nettleser». Då kjem du i nettlesaren på eininga di, som vil halda deg innlogga.

Ei anna årsak kan vera at du bruker privat fane (inkognitomodus), eller at nettlesaren automatisk slettar informasjonskapslar (cookies). 

Korleis kan eg sjå om eg bruker ei privat fane?

Om du bruker iPhone og Safari som nettlesar, kan du følgja desse stega for å sjå om du bruker ei privat fane:

1. Trykk på dei tre prikkane nedst til høgre.
2. Trykk på «Alle faner».
3. Kontroller at du står på «Faner» og ikkje «Privat».

App er på veg!

Vestavind-appen er no under utvikling og kjem om kort tid. Me vil informera når han er klar til bruk. 

Får du ikkje kode på e-post? 

Ring tlf. 53 74 01 80 eller send oss ein e-post, så skal me sjekka om abonnementet ditt ligg inne med korrekt e-postadresse i systemet vårt.

Sjekk også søppelposten dersom e-posten ikkje dukkar opp, sjølv om du har brukt rett e-postadresse. Merk at eingongskoden kjem frå abonnementssystemet vårt med avsendar Sesamy – noreply@sesamy.com 

Powered by Labrador CMS