nyhende
Sløkte brann på kjøkkenbenk sjøl
Klokka 11.32 torsdag fekk 110-sentralen i Sør-Vest melding om ein bygningsbrann heilt sør i Sveio.
– Politi og brannvesenet rykka ut til melding om eit branntilløp på ein kjøkkenbenk. Innringar hadde sjølv sløkt, og ingen framstår som skada. Politiet undersøker omstenda, opplyser oppdragsleiar Kim Flakstad ved Sør-Vest politidistrikt.
Brannmannskapa frå Sveio brannstasjon som rykka ut, fekk dermed ingen sløkkejobb. Men dei køyrde likevel til staden for å kontrollera og lufta ut.