nyhende

Sokneprest i Sveio, Eirik Aadland Tappel.

Sluttar som sokneprest

Det blir avskjedsgudsteneste søndag i Sveio kyrkje for sokneprest Eirik Aadland Tappel.

Publisert

Etter 18 månader som sokneprest går Tappel av. Han tok til i stillinga i februar i fjor.

Dei siste åra har han arbeidd med ei doktorgrad om frivillig arbeid. Ho handlar kort fortalt om korleis ein kan organisere det frivillige arbeidet i kyrkjelyden på ein god måte.

I ein kort kommentar forklarar han avgangen slik:

- Eg har nokre ulike moglegheiter framfor meg, men det er enno ikkje heilt avklart. Eg har trivst godt i Sveio, med flotte folk og mange frivillige rundt meg.

Prost i Sunnhordland, Arild Steinsland, forklarar at dei no har starta arbeidet med å finne ein etterfølgjar til Tappel, men at dei framleis er i ein tidleg fase.

- Eg har visst dette ei stund. Det er alltid trist å miste folk, men eg har forstått det slik at han har andre moglegheiter han ønskjer å gripe. Det respekterer eg, seier Steinsland.

Han opplyser samstundes at kyrkjelyden derfor blir ståande utan sokneprest i ein periode.

Powered by Labrador CMS