nyhende

Grindahuset tek til å få fin form.

Snart kan du søkja ly her

Det er lett å navigera etter hammerslaga om ein ønskjer å sjå nærare på grindabygget utanfor kommunehuset. No er arbeidet med å leggja tak og skiferheller i gang.

Publisert Sist oppdatert

Reisverket til grindabygget ved kommunehuset har vore på plass ei stund. Om to veker er truleg taket på plass.

Egil Lokna er ein av dei frivillige dugnadsfolka frå Lions Sveio.

– Det er jo veldig sosialt og kjekt. Du kjenner at du lever, seier Egil Lokna. 

Saman med tre andre utgjer han arbeidslaget som på dei neste dagane skal leggja tak og skifer på kommunen sitt grindabygg utanfor kommunehuset.

Jobben vert gjord på dugnad for Lions Sveio. 

Les også:

– Me gjer arbeidet, Lions får pengane. Deretter deler dei ut pengane til fleire gode lokale føremål. Kaffien held me sjølve, held Lokna fram.

I juni vart grindabygget olja. Om vêret held seg nokolunde, håpar dugnadsgjengen at taket er på plass i løpet av to veker. Sjølv er han pensjonert byggmeister.

I dugnadslaget har han fleire gardbrukarar.

– Me er ikkje her kvar dag, men folk er veldig flinke til å arbeida, seier Lokna, som ikkje er nemneverdig uroa for dei «ti tommeltottane».

Skiferen ligg fint stabla opp, klar til å leggjast på taket.
Powered by Labrador CMS