nyhende

Trysil er blant alpinanlegga som opnar denne helga. Dei har måtta ty til kunstig snø for å opne. Biletet er frå påska 2018.

Snøkanon-føre: No opnar ski­bakkane i Sør-Noreg

Fleire alpinanlegg opnar denne helga i Sør-Noreg. Lite snø gjer at anlegga må ty til snøkanonar.

Publisert

Trysil, Hafjell, Kvitfjell, Oppdal, Hovden og Norefjell er blant ei lang rekke anlegg som opnar, skriv NRK.

– Vi ser jo at det er veldig stor interesse å komme tidleg på ski, seier Gudrun Sanaker Lohne, destinasjonssjef i Skistar Trysil.

Dette er blant stadene der det må kunstig snø på bana. Selskapet har i år investert rundt 300 millionar kroner i nye snøproduksjonsanlegg. 60 nye snøkanonar er sette i drift berre i Trysilfjellet.

Alpinco eig og driv bakkar i Hafjell, Kvitfjell og Oppdal. Her opnar ein alle anlegg delvis til helga. Også dei er avhengige av å produsere snøen sjølv for å kunne opne bakkane.

– Det har jo ikkje vore så veldig mykje natursnø. Så om vi ikkje hadde investert i snøproduksjon, så ville det teke lengre tid før vi kunne opna. Mykje lengre tid, seier kommunikasjonsansvarleg Amanda Wold Kortnes.

Også på Austlandet opnar ei rekke anlegg delvis, blant dei bakkane på Tryvannssida i Oslo, Ingierkollen på Kolbotn, Varingskollen i Nittedal og Kirkerudbakken i Bærum.

Det viser ei oversikt frå Skimore.

Powered by Labrador CMS